Livssykluskostnader (LCC) ved anskaffing av transport

Du må formulere krav om livssykluskostnadar og ikkje berre innkjøpspris, når du gjer ei transportanskaffing.

Publisert: 22. Mai 2013, Sist endra: 28. sep 2018

Kvifor bry seg om LCC ved transportanskaffingar?

Det er lovpålagt å ta omsyn til LCC ved alle offentlege anskaffingar der det er relevant å ta miljøomsyn, jf. § 5 i Lov om offentlige anskaffelser.

Livssykluskostnadsanalysar tar dessutan omsyn til den totale kostnaden for eit produkt i heile perioden det er i bruk. Du tar dermed ikkje berre omsyn til innkjøpsprisen for ein bil, men også til driftskostnadane.

LCC gjer på denne måten at dei variable kostnadane vert meir føreseielege i driftsperioden etter at anskaffinga er gjennomført.

Når skal du ta omsyn til LCC?

LCC-kalkylar kan brukast i

  • behovsanalysen for å samanlikne ulike bilmodellar eller drivstoffteknologiar
  • tilbodsevalueringa for å få fram totalkostnaden for anskaffinga

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*