Kompetanseheving (Innkjøpskortet)

Innkjøpskortet er under revisjon. Ny fagplan for sertifisering av kompetanse på grunnleggjnde nivå, kommer i løpet av 2019.

Publisert: 30. Mai 2016, Sist endra: 27. mar 2019

Kortet skal gi deg eit synleg bevis og eit sertifikat på din kompetanse på offentlege anskaffingar.

Kva lærer du?

Fagplanen til Innkjøpskortet (pdf) beskriv dei faglege kompetansekrava til Innkjøpskortet. Han omhandlar

  • anskaffingar generelt
  • eigne tema for privat og offentleg sektor
  • lov om offentlige anskaffelser med forskrifter

Kven kan ta Innkjøpskortet?

Målgruppa for Innkjøpskortet er personar som arbeider med anskaffingar eller har direkte innkjøpsansvar.

Innkjøpskortet er også ein eigna måte å måle kompetansenivået for heile innkjøpsmiljø eller personar som ønsker å arbeide med anskaffingsfaglege arbeidsoppgåver. 

Kven står bak?

Innkjøpskortet var eit initiativ frå Norsk Test og Norsk forbund for Innkjøp og Logistikk (NIMA), som adresserer utfordringa med varierande anskaffingskompetanse i mange verksemder.

NIMA sto bak det faglege innhaldet i fagplanen som var utarbeidd i samarbeid med Difi og andre, mens Norsk Test står for testmetodikk og drift.

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre
*