Strategisk fokus på arbeidslivskrimialitet og sosial dumping

Vi rår til at arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping blir fastankra hjå leiinga i verksemda og omtalast i relevante strategidokument. Eit slikt dokument kan til dømes vere innkjøpsstrategien (anskaffelsesstrategien).

Publisert: 23. okt 2018, Sist endra: 02. nov 2018

Det er også mogleg å dedikere ein eigen strategi til kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Strategidokumentet, enten anskaffelsesstrategien eller ein eigen strategi som spesifikt omhandlar arbeidslivskriminalitet og sosial dumping, bør svare på følgjande:

Ambisjonsnivå

Er dette eit nytt felt for dykk kan det t.d. veljast ut særlege risikoområde verksemda di vil starte med å følgje opp grundigare.

Kompetansebygging 

Er det behov for kompetansebygging hjå dei som skal arbeide med dette? Kvar skal den kompetansen i så fall hentast frå?

Rolleavklaring

Kven skal ha ansvar for kva?

Kapasitet

Har arbeidet mot sosial dumping ved innkjøp noko å seie for kapasiteten på andre område?

Intern informasjon

Er det behov for intern informasjon til alle i verksemda? Det kan gje arbeidet eit løft, men som minimum bør alle som kjøper inn og/eller følgjer opp avtalar vere informerte.

Rapportering

Korleis skal ein måle og rapportere arbeidet?

Her finn du hjelp til å lage og implementere ein anskaffelsesstrategi.

Samarbeid mot svart økonomi (SMSØ) har samla ti gode råd for ein anskaffelsesstrategi retta spesifikt mot svart arbeid og arbeidslivskriminalitet i kommunar og fylkeskommunar. Sjå SMSØ sine ti strategiske grep her. 

Døme på strategiar som inkluderer tiltak mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping

Det er mogleg å dedikere ein eigen strategi til kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, og det finst offentlege verksemder som allereie har gjort dette. Nedanfor ser du døme på strategiar som handlar spesifikt om å motverke sosial dumping og arbeidslivskriminalitet: 

Andre offentlege verksemder har tiltak mot sosial dumping/arbeidslivskriminalitet nedfelt i verksemda sin anskaffelsesstrategi. Nedanfor ser du døme på innkjøpsstrategiar der det å motverke sosial dumping er eit tema, del av eit mål, eige mål eller liknande: 

Har verksemda di arbeidd med å motverke sosial dumping som ein integrert del av dykkar anskaffelsesstrategi eller eigen strategi om tema? Vi ønskjer gjerne å publisere fleire døme på nettsidene våre, til inspirasjon for andre. Ta kontakt og send oss gjerne informasjon på arbeidslivskriminalitet@difi.no.

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*