Betaling av skytenester skjer typisk basert på bruken av tenesta. Oversikt over eigne brukarar av tenesta er derfor viktig.
Skytenester som eit kontinuerleg abonnement
Når du kjøper ei skyteneste, kjøper du tilgang til ei IT-løysing som vert drifta og vedlikehalden av leverandøren, på leverandøren sine maskinar og serverar.
Betaling for bruk kan derfor best samanliknast med eit abonnement og er ei jamleg betaling for tilgang til skyløysinga.
Betalingsmodellar
Typisk for skytenester (særleg software as a service (SaaS)), er at du som hovudregel ikkje inngår avtalar om tal på lisensar, samtidige brukarar eller liknande, men at betalinga er knytt opp til målt bruk.
For dei SaaS-løysingane der leverandøren krev betaling for kor mange som bruker tenesta, vil du som oppdragsgivar sjølv administrere eigne brukarar. Du vil då kunne ha oversikt over kor mange brukarar du betaler for, kunne slette overflødige brukarar, opprette nye brukarar ved behov og liknande. Det er viktig at du er merksam på dette, slik at du ikkje betaler for fleire brukarar enn du treng.
Som oppdragsgivar er det viktig at du set deg inn i, og forstår betalingsmodellen og prismekanismane for skyløysinga. Typisk har leverandørane kvar sin måte å fakturere på, og du må derfor vere klar over kva leverandøren meiner med forbruk, brukarar eller liknande.
Sikre tilgang til relevante brukarar
Uansett om det vert fakturert etter tal på brukarar, forbruk eller ein kombinasjon av desse, må du som oppdragsgivar sikre deg tilgang for alle relevante brukarar. Det gjeld både eigne tilsette, innleigde konsulentar og leverandørar som leverer andre IT-ytingar.
Ved brukarbasert betaling, bør du som for lisensavtalar undersøke om betalinga vert basert på samtidige eller unike brukarar. Du bør også sikre deg at betalinga er oversiktleg og kan validerast. Be gjerne om å få oversendt eit døme på ein faktura.
Ny funksjonalitet og tilleggskjøp
Fordi skyløysinga som del av tenesta kontinuerleg vert oppdatert og oppgradert, er det viktig å avklare om du etter kvart kjem til å måtte kjøpe fleire modular eller funksjonalitet, og kva det vil koste. Dette kan gjerast gjennom å be om ein full pris over alle tenestene til leverandøren.
Oppdragsgivar bør sikre at eksisterande funksjonalitet i skyløysinga vert behalden eller ikkje vert endra så mykje at løysingane som vert tilbydd etter oppgraderingar av ytinga gir særskilte modular som oppdragsgivar må betale meir for.
Leverandøren må på si side ha fridom til å designe sitt produkt for å kunne møte konkurransen i marknaden og behovet hos andre brukarar.
Leverandørens utviklingsbehov vil vanlegvis ikkje vere til hinder for å stille krav om at funksjonaliteten i skyløysinga ikkje vert forringa i kontraktsperioden.
Sist oppdatert 15. November 2017