Anskaffelsesprosessen steg for steg

Avklare behov og forberede konkurransen

Konkurransereglar

Val av konkurransereglar med prosedyrar og tidsfristar kan vere avgjerande for leverandørens evne og vilje til å levere inn tilbod.

Kva er konkurransereglar?

Konkurransereglar beskriv korleis prosessen skal gjennomførast, og dette må komme fram av anskaffingsdokumenta.

Konkurransereglane skal verte oppgitt når ein tek kontakt med marknaden. Viss konkurransen vert kunngjort, skal dette gjerast i kunngjeringa på Doffin og eventuelt utdjupast i konkurransegrunnlaget. Slik sikrar ein førehandsvisse for leverandørane. Det skal vere forutseieleg for leverandørane korleis, når og kva slags spesielle vilkår som gjeld. Dei skal vite kva slags konkurranse dei eventuelt deltar i.

Korleis konkurransen vert gjennomført, kan også vere avgjerande for om dei kan eller vil levere inn tilbod.

Viss det er spesielle kontraktsvilkår, bør desse løftast fram slik at det er tydeleg for potensielle leverandørar kva vilkår som vil gjelde for gjennomføringa av kontrakten. Eit døme på eit slikt spesielt kontraktsvilkår er krav til bruk av elektroniske bestillingssystem. Reglane om offentlege anskaffingar stiller krav til elektronisk kommunikasjon som det er viktig å ivareta ved utforming av konkurransereglane. Les meir om krava til elektronisk kommunikasjon.

Døme på konkurransereglar
  • Kva slags konkurranseform som skal gjennomførast; t.d. tilbodskonkurranse, anbodskonkurranse, konkurranse med forhandling, konkurranseprega dialog, designkonkurranse?
  • Der det gjennomføres ein avgrensa konkurranse, for eksempel avgrensa tilbodskonkurranse, eller avgrensa anbodskonkurranse, skal det opplyses kor mange leverandørar som vil bli invitert til å inngi tilbod og korleis desse skal veljast ut, jf. FOA § 16-12.
  • Tilsvarande for konkurranse med forhandling, skal det angis om oppdragsgjevar forbehold seg retten til ikkje å forhandle, eventuelt kor mange leverandørar det skal forhandlast med og korleis antallet skal reduserast, jf. kapittel 9 for del II anskaffelser og §§ 23-7 - 23-11 for del III anskaffelser.
  • Kva tildelingskriterier gjeld for konkurransen, dette er viktig informasjon til leverandørane for å vurdere om dei vil delta i konkurransen eller ikkje.
  • Kva tidsfristar gjeld for konkurransen; innleveringsfrist, frist for vedståing 
  • Korleis skal tilbodet utformast, skal det leverast inn vareprøvar?
  • Om det skal haldast tilbodskonferanse eller -synfaring

Oppdatert: 27. februar 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.