Lengda på kontrakten og termineringsverdi - OPS

Du må ta stilling lengda på kontrakten ved planlegging av OPS-innkjøpet.

Det er viktig å vurdere behovet på lang sikt

Behovet for bygget eller anlegget kan endre seg, til dømes ved høg fråflytting eller tilflytting i ein kommune som har behov for ein skole.

  • Ved fråflytting kan det vere høveleg å inngå avtale om ein kortare leigeperiode.
  • Om behovet blir rekna for konstant, og det er lite sannsynleg at behovet vil endre seg i framtida, kan det argumenterast for ein lang leigeperiode.

Det er høveleg å sjå kontraktlengda i samanheng med storleiken på investeringa. OPS-selskapet ønskjer som regel å betale ned prosjektet i kontraktsperioden. Det er ikkje nokon fasit på kor lang kontraktsperioden bør vere. Indikasjonar frå leverandørmarknaden, tilseier at 20 til 30 år er passe for dei fleste prosjekt.

Du kan leggje inn ein opsjon i avtalen slik at oppdragsgjevar kan kjøpe tilbake bygget eller anlegget tidlegare enn opphavleg avtalt. Om til dømes ein eller fleire investorar vil selje seg ut kan oppdragsgjevar utløyse opsjon på forkjøpsrett.

Sjå også

Andre sider på anskaffelser.no
Oppdatert: 17. oktober 2018

Fant du det du lette etter

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord