Difi skal lage miljøkriterium for anleggsarbeid

Denne hausten startar Difi opp forarbeidet med å lage miljøkriterium for anleggsarbeid. Desse skal inngå i Difi sin kriterievegvisar som skal gjere det enklare for offentlege innkjøparar å gjere berekraftige anskaffingar.

Publisert: 05. sep 2018, Sist endra: 31. okt 2018

Miljøpåverknaden frå anleggsarbeid er stor, så å lage miljøkriterium er viktig arbeid for miljøsatsinga, for å minske påkjenningane på miljøet.

– Me kunngjer no anskaffing av konsulentar til å utføre ei nullpunktsundersøking av miljøambisjonar i konkurransegrunnlag for anleggsarbeid i Doffin, seier Ellen Ramsnes i Difi.

Ho seier at resultata skal brukast i eit bakgrunnsdokument og for å måle utviklinga på bruken av krav stilt til miljø i offentlege anskaffingar.

– Bakgrunnsdokumentet skal kartleggje omfanget av anskaffingar av anleggsarbeid, bruken av miljøkrav og kva type anleggsarbeid som har stor miljøbelastning. Me høyrer gjerne frå byggherrar og leverandørar som har forslag til tema det er viktig å stille krav til. Me håper å få eit godt kunnskapsgrunnlag før utviklinga av miljøkriteria startar opp på nyåret, seier Ramsnes.

Arbeidet er ei oppfølging av ekspertutvalet for grøn konkurransekraft, som løfta fram offentlege anskaffingar som eit av dei viktigaste verkemidla for å få til ei rask omstilling for å auke den norske konkurransekrafta med grøne løysningar.

Sharethis