Interessentmøte for miljøkriterium for anlegg

Difi inviterer til interessentmøte for kriteriearbeidet 28. januar 2019. Miljøpåverknaden frå anleggsarbeid er stor. Derfor er det viktig å lage miljøkriterium for å minske påkjenningane på miljøet. Alle som vil kan melde seg på.

Publisert: 12. nov 2018, Sist endra: 15. nov 2018

Denne hausten starta Difi opp forarbeidet med å lage miljøkriterium for anleggsarbeid. Desse skal inngå i Difi sin kriterievegvisar som skal gjere det enklare for offentlege innkjøparar å gjere berekraftige anskaffingar av anlegg.

– Me held no på med ei nullpunktsundersøking av miljøambisjonar i konkurransegrunnlag for anleggsarbeid i Doffin, seier Ellen Ramsnes i Difi.

Ho seier at resultata skal brukast i eit bakgrunnsdokument og for å måle utviklinga på bruken av krav stilt til miljø i offentlege anskaffingar.

– Bakgrunnsdokumentet skal kartleggje omfanget av anskaffingar av anleggsarbeid, bruken av miljøkrav og kva type anleggsarbeid som har stor miljøbelastning. Me høyrer gjerne frå byggherrar og leverandørar som har forslag til tema det er viktig å stille krav til. Me håper å få eit godt kunnskapsgrunnlag før utviklinga av miljøkriteria startar opp på nyåret, seier Ramsnes.

På interessentmøte vil Difi presentere funn frå nullpunktsundersøkinga og arbeidet med å lage miljøkriteria. Her ønskjer me å få innspel og erfaringar frå deltakarane, slik at det nye kriteriesettet blir relevant og best mogleg. I ettertid vil me invitere personar med i ei referansegruppe for kriteriesettet, samd ei ekspertgruppe til å bli med å ferdigstille miljøkriteria. Første ekspertgruppemøte er satt til 20.februar.

Meld deg på interessentmøte om arbeidet 28. januar 2019.

Sjekk ut Kriterievegvisaren til Difi.