Bli med i arbeidet for meir berekraftige anskaffingar av anleggsarbeid

Difi ønskjer deltakarar til ekspertgruppe for utvikling av miljøkriterium for anlegg. Møta blir hos Difi i Oslo 5. april, 23. mai og 21. august 2019.

Publisert: 23. jan 2019, Sist endra: 28. jan 2019

Difi skal lage nye miljøkrav som offentlege innkjøparar kan bruke rett inn i sine konkurransar for å få meir berekraftige anskaffingar av anlegg. Meir informasjon om prosjektet blir gitt på interessentmøtet 27.februar. Anleggsbransjen er stor og me ønskjer dialog og samarbeid med aktuelle aktørar og organisasjonar for å hjelpe oss med å utvikle kriterium.

I arbeidet ønskjer me å danne ei gruppe med fagkunnskap innan anskaffingar av grøne anleggsarbeid. Ekspertgruppa vil i samarbeide med Difi utforme krav og kriterium for miljø, klima og sosialt ansvar. Det vert heldt 3 heildagsmøter kor me gjennomgår og utviklar forslag til miljøkriterium.

Målet med kriteria er at dei skal bli effektive, balanserte og enkle å bruke, så me vil setje saman ei ekspertgruppe beståande av innkjøparar, leverandørar og fagmiljø for å ivareta ulike omsyn. Kriteriesettet er planlagd å vere ferdig i slutten av året.

Har du lyst til å bli med i ekspertgruppa, ta kontakt med Ellen Ramsnes innan 5.mars, e-post: era@difi.no, med ei kort grunngjeving på kvifor du ønskjer å vere med, kven du representerer og kontaktdetaljar. 

Viss det blir veldig stor interesse blir det valt ut eit representativ utval, slik at gruppa ikkje blir for stor. Me oppfordrar bransjeorganisasjonar til å koordinere seg.