Kriteriesett for miljø i leige av eigedom

Kriterievegvisaren til Difi har nå blitt oppdatert med kravspesifikasjonar for miljøomsyn ved leige av eigedom.

Publisert: 23. jan 2019, Sist endra: 13. feb 2019

I Difis  kriterievegvisar kan du nå velge "Leige av eigedom" og få forslag til krav med ulike ambisjonsnivå som du kan stille til mellom anna inneklima, driftskostnadar og materialkvalitet.

Kriteriesettet er henta frå Enova, Grønn Byggallianse og Norsk Eigedom sin Veileder for kravspesifikasjon for leige av eigedom. Rettleiaren har blitt tilpassa til kriterievegvisaren og oppdatert i samarbeid med Enova.