Sei di meining om standardkontraktane for bygg og anlegg

Bør standardkontraktane for bygg og anlegg endrast? Difi oppfordrar oppdragsgivarar innan bygg, anlegg og eigedom om å svare på Standard Norge si spørjeundersøking.

Publisert: 28. feb 2019, Sist endra: 01. mar 2019

Standard Norge forvaltar ein rekke standardar, inklusiv ein rekke standardiserte bygg- og anleggskontraktar. Kontraktane ligg til grunn for mange offentlege bygg- og anleggsanskaffingar.  

Nå vil Standard Norge undersøke behovet for revisjonar eller andre endringar i standardkontraktane for bygg og anlegg. 

Difi er medlem i fleire av komiteane som har ansvar for å utarbeide standardar på bygg- og anleggsområdet, og er også medlem i Standard Norge sitt sektorstyre for bygg og anlegg. 

Du finn spørjeundersøkinga på Standard Norge sine nettsider.