Ny veiledning om skytenester

Skytenester er skalérbare tenester som blir levert over nett. I den nye veiledninga finn du meir om fordelar og utfordringar. Du finn også ut korleis du gjer ein anskaffelse.

Publisert: 22. aug 2019, Sist endra: 27. aug 2019

Dei fleste av oss bruker skytenester dagleg.  Dersom du ser på TV eller nettbrett, googlar, vippsar eller er på jobb bruker du truleg ei skyteneste.

Før du startar har du eller arbeidsplassen gjort mange val, som leverandør, brukarvilkår, databehandlaravtale samt servicenivå- og pris. Kva har du eigentleg valt?

Veiledninga om skytenester er i hovudsak meint for deg som er innkjøpar og skal kjøpe standardiserte løysingar av type «plug-and play». Du som er involvert i kjøp av meir komplekse tenester kan også finne veiledninga nyttig.

Under roller og ansvar finn du kven du bør involvere i anskaffelsen og kva oppgåve dei har. Under tema informasjonssikkerheit og personvern lærer du korleis du kan avdekke behova for informasjonssikkerheit, og korleis du kan sikre at personopplysingane blir behandla i samsvar med reglane.

Er du fagansvarlege for informasjonssikkerheit eller forvaltar av eit it-system finn du og nyttig informasjon.

Hjelp oss å bli betre. Dine tilbakemeldingar og innspel er viktig og vil hjelpe oss i å utvikle veiledninga vidare.

Kontakt