Balanserte anskaffingar

Målet med kursserien om balanserte anskaffingar er å etablere ein felles læringsarena der deltakarane blir tryggare på å bruke handlingsrommet for dialog i anskaffingar og får auka kompetanse om anskaffingsregelverket.

Publisert: 09. okt 2018, Sist endra: 07. mar 2019

Kva er balanserte anskaffingar?

Difi har laga ein kursmodell der oppdragsgivarar møter bransjen gjennom dialog for meir balanserte anskaffingar i offentleg sektor. Både innkjøpar og leverandør skal bli tryggare på å bruke handlingsrommet for dialog både før, under og etter konkurransen, og i tillegg auke kompetansen om anskaffingsregelverket.

Kurset er i Oslo og er gratis.

Kurset legg til rette for:

  • Forbetra konkurransestrategi som gir ein meir effektiv anskaffingsprosess og riktig val av prosedyre
  • Betre oppfylling av kvalifikasjonskrav og tildelingskriterium
  • Betre behovsdekning og større gevinstrealisering
  • Større deltaking i konkurransane
  • Reduserte kostnader for alle involverte partar
  • Best mogleg rutinar for evaluering undervegs og i kontraktsoppfølginga
  • Å skape beste praksis
  • Standardisere status- og oppfølgingsmøte for å heve kvaliteten og redusere tidsforbruket

Du vil også få ei innføring i Difi sine eigne rettleiingar og malverk for offentlege anskaffingar – både for oppdragsgivarar og leverandørar.

I kurset ser vi på marknadsdialog, utarbeiding av konkurransestrategi og konkurranse- og kontraktsgjennomføring. Kurset legg opp til aktive bidrag der deltakarane gjer noko arbeid i framkant og mellom kurssamlingane.

Kurset er praktisk: Vi gjennomfører dialogaktivitetar for faktiske anskaffingar. Oppdragsgivarar som deltar, blir oppfordra til å starte opp ein anskaffingsprosess som blir brukt inn i kurset med utlysing etter samling 2.

Effekt

Balanserte anskaffingar er eit kurs med fokus på dialogutsiktene anskaffingsregelverket opnar for.

Kursinnhald

Oppdragsgivarar som deltar på kurset, blir oppfordra til å starte opp ein anskaffingsprosess som blir brukt inn i kurset med utlysing etter samling 2. Det er også mogleg å bruke ei tidlegare, framtidig, eller tenkt anskaffing. Vi jobbar aktivt med anskaffingsdokumenta gjennom heile kurset, med særleg vekt på å forbetre dei gjennom erfaringsutveksling og dialog.

Samling 1: Avklare behov og førebu anskaffingar

Teoretisk innhald for oppdragsgivarar: Kontraktsstrategi, anskaffingsregelverket, strategisk forankring av anskaffingar, spesifikasjonar og evaluering, digitalisering, teknikkar for betre behovsbeskriving

Teoretisk innhald for leverandørar: Strategisk salsarbeid, anskaffingsregelverket, formulere innspel til krav, kriterium og kontraktsvilkår, teknikkar for betre behovsbeskriving

Dialog og gruppearbeid: Marknadssituasjon, faglege trendar og innovasjon, utforming av kontrakt og evalueringsmodell

Samling 2: Førebuing til konkurransegjennomføring

Teoretisk innhald for oppdragsgivarar: teknikkar for leverandørdialog, verktøy for tildelingskriterium, evaluering og måling av effektkostnad, balanserte kontraktsvilkår, digitalisering, sosialt ansvar, klima og miljø

Teoretisk innhald for leverandørarr: teknikkar for dialog med potensielle kundar, korleis gi innspel på tildelingskriterium, kontraktsvilkår

Dialog og gruppearbeid: korleis sikre behovsdekning og brei konkurranse, praktisk trening i dialogmøte mellom leverandør og oppdragsgivar

Samling 3: Kontraktsoppfølging

Teoretisk innhald for oppdragsgivarar: oppfølging av målsetnader og strategiske krav, dialog i kontraktsoppfølging, læring i organisasjonen, digital kontraktsoppfølging

Teoretisk innhald for leverandørar: leverandørdialog og marknadsdialog, oppfølging av krav og kriterium, læring i organisasjonen

Dialog og gruppearbeid: implementering, etablere gode samarbeidsrutinar, prosedyrar for avvik, endringar og oppfølging, evaluering av kontraktsoppfølgingssystem

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre