e-SENS

e-SENS er eit storstilt prosjekt som omfattar ideen om utvikling av ein europeisk digital marknad gjennom innovative IKT-løysingar i offentleg forvaltning.

Med underteikning av bidrags-avtalen for prosjektet 14. august 2013 vart prosjektet offisielt lansert. Prosjektaktivitetane har pågått sidan 1. april 2013.

«Menneske og bedrifter skal kunne handle innanfor ein grenselaust digital fellesmarknad som viser verdien av internett."

Neelie Kroes (visepresident i Europakommisjonen og kommissær for digital dagsorden)

Nesten 100 partnarar frå 20 europeiske land, mellom dei Noreg og Tyrkia, støttar opp om e-SENS-prosjektet. Vidare gjev ETSI (europeisk standardiseringsinstitusjon for telekommunikasjons-system) og OpenPEPPOL vesentlege bidrag til prosjektet. Slik brei involvering vitnar om stor interesse og eit sterkt behov for å utvikle saumlause elektroniske tenester i heile Europa.

Fellesmarknaden er venta å bli verkeleg for innbyggarar og næringsliv, og mykje kan gjerast med bruk av IKT. e-SENS vil ta monalege steg mot å "flytte tenester framover" ved å bringe dei til eit digitalt nivå. Likevel er det framleis mange hindringar som må overvinnast – mellom anna juridiske, semantiske, organisatoriske og tekniske barrierar.

Målet med e-SENS-prosjektet er å utvikle effektive offentlege tenester av høg kvalitet, basert på ein standardisert europeisk infrastruktur. Det vil stadfeste, forbetre og utvide innsatsen til storskala pilotprosjekt som allereie er lansert – e-CODEX, epSOS, SPOCS, STORK, PEPPOL – ved å leggje til rette for tilgang til helsetenester, rettsvesen, offentlege innkjøp og føretaksetablering i Europa.

Generiske og gjenbrukbare løysingar vil gi høve for å utvikle offentlege tenester på ei rekke område innanfor eForvaltning.

Oppdatert: 5. juli 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.