OpenPEPPOL

OpenPEPPOL er ein organisasjon for å vidareføre arbeidet til PEPPOL-prosjektet.

Publisert: 25. nov 2013, Sist endra: 07. mar 2019

PEPPOL (Pan-European Public Procurement Online) prosjektet har hatt ei vellykka gjennomføring med PEPPOL-spesifikasjonar, pilotering og produksjonssetjing av desse.

For å vidareføre det arbeidet PEPPOL-prosjektet har gjennomført er det no etablert ein organisasjon som er kalla OpenPEPPOL Association. OpenPEPPOL, som består av offentlege og private medlemer av PEPPOL-samfunnet, har teke over ansvaret for PEPPOL-spesifikasjonar, byggeklossar og tenester og skal fremje implementering av desse i heile Europa.

OpenPEPPOL er etablert som ei non-profit internasjonal foreining under belgisk lov (Association Internationale Sans Men Lucratif - AISBL) og starta si offisielle verksemd den 1. september 2012.

Meininga med OpenPEPPOL er å kople europeiske bedrifter og europeiske offentlege kjøparar enklare saman i den elektroniske innkjøps- og handelsprosessen for med det å gje auka høve for større konkurranse om offentlege kontraktar og reduserte transaksjonskostnader. Dette vil gjere offentleg sektor i stand til å yte betre tenester for skattebetalarane sine pengar.

OpenPEPPOL vil stimulere til eit breitt samarbeid på tvers av Europa og vil gje kraft til å gje dei standardiserte handelsprosessane og formata ei god utbreiing. PEPPOL-komponentar og spesifikasjonar vil truleg også få ei utbreiing utanfor Europa.
Meir informasjon om OpenPEPPOL finn ein ved å følje lenkja: OpenPEPPOL nettside

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre