PEPPOL

EU vil gjere det lettare for verksemder å vere med på offentlege anbodsprosessar i andre land, og har difor gjennomført eit stort prosjekt, PEPPOL, som har blitt leia av Noreg (Difi).

Publisert: 25. nov 2013, Sist endra: 07. mar 2019

PEPPOL var eit stort europeisk pilotprosjekt innanfor e-handel, som gjer det like enkelt for leverandørar å levere tilbod og drive handel med offentlege oppdragsgivarar i andre EU-land som i sitt eige heimland.

PEPPOL-prosjektet?

PEPPOL sitt føremål var å leggje grunnlaget for at små og mellomstore verksemder skal kunne tilby varene og tenestene sine elektronisk til offentlege oppdragsgivarar i kva for EU-land som helst. PEPPOL-prosjektet (Pan-European Public Procurement Online) ble leia og koordinert av Noreg ved Direktoratet for forvalting og IKT (Difi). Prosjektet starta 1. mai 2008 med 14 offentlege deltakarar frå åtte land og med eit totalbudsjett på 19,6 millionar euro. Frå 1. november 2009 blei prosjektet utvida med fire deltakarland. Samstundes blei budsjettet auka med 11,2 millionar euro.

Kva er fordelane med PEPPOL?

PEPPOL-prosjektet gjer det mogeleg for offentlege oppdragsgivarar å utvide leverandørmarknaden sin, og difor å gjennomføre betre anskaffingar både i pris og kvalitet. For små og mellomstore verksemder vil PEPPOL aksesspunktinfrastruktur gi åtgang til ein stor marknad med fleire potensielle offentlege kundar. I tillegg vil investeringar for å knyte seg til den norske offentlege Ehandelsplattformen gi automatisk tilgang til heile Europa, med forenkla prosess. Dokument som tidlegare måtte leverast på nytt for kvart enkelt anbod, skal no opp att både nasjonalt og i Europa i alle anbod. Leverandøren skal berre halde dokumenta oppdaterte. Det at heile prosessen er elektronisk gir òg høve til gjennomsiktigheit og sporing, noko som er eit viktig middel i kampen mot korrupsjon.

Målsetjing for PEPPOL

Prosjektet leveransen skal syte for at dei nasjonale e-handelsløysingane som allereie finst i Europa i dag, kan koplast på og samhandle via ein sams infrastruktur, og omfattar heile prosessen frå behov til betaling. PEPPOL har levert løysingar som er i operativ drift. Alt som blir gjort i PEPPOL-prosjektet er offentleg, og all programvare kan brukast på nytt gjennom opne kjeldekodelisensar. PEPPOL-infrastrukturen har òg potensial til å kunne nyttast til å transportere anna enn berre anskaffingdokument i framtida.

For meir informasjon kontakt:

  • André Hoddevik, fagdirektør i Difi og prosjektdirektør for PEPPOL.
    Mobil: 913 97 587, e-post: andre.hoddevik@difi.no
  • Dag Strømsnes, avdelingsdirektør for Avdeling for offentlege anskaffingar, Difi og leiar i PEPPOL. Mobil: 97 50 70 78 e-post: dag.stromsnes@difi.no

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre
*