Strategiske område for Avdeling for offentlege anskaffingar

Her finn du korte beskrivingar av dei strategiske satsingsområda våre i arbeidet med offentlege anskaffingar.

Publisert: 10. apr 2014, Sist endra: 14. jan 2019

Forankring hos leiinga

Forankring hos leiinga i den enkelte verksemda er avgjerande for å sikre den organisasjonsmessige prioriteringa av anskaffingsområdet. Alle verksemder bør utarbeide anskaffingsstrategiar for å sikre at "Det gode innkjøp" skjer i verksemda.

Organisering og leiing

Organisering og leiing legg føringar for plassering av innkjøpsfunksjonen, og ikkje minst at ansvaret for anskaffingsfunksjonen er tydeleg plassert i verksemda.

Vidare legg den grunnlag for rolle- og ansvarsfordeling, medrekna ein klar og tydeleg fullmaktsstruktur og klare rapporteringslinjer.

Måling og rapportering

Måling og rapportering inneber etablering av konkrete mål og måleparametrar, for å sikre effektivitet i anskaffingsfunksjonen og anskaffingsprosessane.

Dette inneber også etablering av mål for den enkelte anskaffinga, medrekna kostnadsreduksjonar og prosessgevinstar og å halde inngåtte avtalar.

Menneske og kompetanse 

Menneske og kompetanse er avgjerande for å sikre Det gode innkjøp i samsvar med gjeldande regelverk.

Det er viktig at verksemdene har utarbeidd ein kompetansemodell for anskaffingsområdet, som synleggjer kva kompetanse som er nødvendig å ha, innanfor dei ulike stillingskategoriane som vedkjem anskaffingsområdet. Verkemiddel og kanalval vil vere viktig å adressere i denne delstrategien.

Anskaffingsprosessane

I anskaffingsprosessane ligg sjølve gjennomføringa av strategiske og operative anskaffingar, frå behovsidentifikasjon og spesifikasjon, via utlysing og evaluering, til kontraktsinngåing og oppfølging.

Det er viktig at desse arbeidsoppgåvene blir utførte på ein effektiv måte som er mest mogleg standardisert, og tar omsyn til regelverk, brukarar, krav om verdiskaping, etc. Dette kan oppnåast ved å lage gode prosessar som er dokumenterte og tilgjengelege. I tillegg må dei tilsette få opplæring i prosessane, som heile tida bør evaluerast og forbetrast i samsvar med behov, ny teknologi, rammevilkår, etc.

Her er det viktig å sjå dei ulike områda i samanheng, slik at ein kan sjå samanhengar og synergiar. 

Partnarar og leverandørar

Partnarar og leverandørar er viktige premissgivarar i offentlege anskaffingar.

For å gjere die riktige innkjøpa og oppnå formålet om effektiv ressursbruk gjennom innovative løysingar, er det viktig at offentlege verksemder har tilstrekkeleg innsikt i leverandør- og produktmarknaden. Leverandørutvikling og leverandørkontakt er eit viktig verkemiddel for Det gode innkjøp.

Teknologi og støttesystem

Innkjøpsprosessen må støttast opp om av formålstenleg bruk av teknologi og støttesystem.

Viktige verktøy som kan nyttast for å støtte opp om arbeidet inkluderer bl.a. konkurransegjennomføringsverktøy, integrerte og automatiserte system for elektronisk ordrehandtering, varemottak og faktura. Dette arbeidet skal vere heilskapleg orientert fram mot ei digital kjede for heile innkjøpsprosessen.

Arbeidet skal vere forankra i EU og internasjonalt standardiseringsarbeid.

Sharethis