Kvifor motverke arbeidslivskriminalitet og sosial dumping ved innkjøp?

Det er mange gode grunnar til å arbeide mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping ved innkjøp.

  • God kvalitet og stabile leveransar
    Ved å betale det kvalifisert arbeidskraft og gode løns- og arbeidsvilkår kostar, aukar vi sannsynet for å få leveransar med riktig kvalitet og til riktig tid. Det er også meir sannsynleg at kompetente tilsette blir hos ein seriøs leverandør, som igjen vil bidra til stabilitet og kontinuitet i leveransen.
  • Omsynet til enkeltmenneske 
    Sosial dumping kan ha store konsekvensar for dei som blir utsette for det. Dette er ofte arbeidstakarar som i utgangspunktet er i ein vanskeleg livssituasjon, til dømes arbeidsinnvandrarar frå land med høg arbeidsløyse.
  • Eit seriøst næringsliv 
    Når useriøse leverandørar tilbyr arbeidstakarane sine uakseptabelt dårlege løns- og arbeidsvilkår, påverkar dette konkurranseevna til dei seriøse leverandørane som taper tilbod, og kan bli pressa ut av marknaden. Dei må kanskje seie opp tilsette, eller flytte eller setje ut produksjonen, noko som igjen går ut over norske arbeidsplassar. Det vil på sikt svekke konkurranseevna i bransjen, og kan skape utfordringar ved framtidige innkjøp.
  • Motverke arbeidslivskriminalitet 
    Erfaringane til arbeidstilsynet tilseier at der det førekjem sosial dumping, blir det i aukande grad avdekka kriminelle tilhøve. Det kan til dømes vere skatte- og avgiftsunndraging, grove brot på arbeidsmiljølova, menneskehandel og kvitvasking.
  • Motverke press på opparbeidde rettar i arbeidslivet 
    Di meir utbreitt sosial dumping blir i ein bransje, di vanskelegare blir det å oppretthalde dei rettane som er bygde opp over tid. Det kan på sikt også ha konsekvensar for rekrutteringa til bransjen.
  • Omdøme 
    Det ligg ein monaleg omdømerisiko i å samarbeide med useriøse leverandørar.
  • Halde regelverket 
    Som offentlege oppdragsgivarar har vi eit særleg ansvar for å motverke sosial dumping.
Oppdatert: 5. juli 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.