Avtaler mellom Difi og aksesspunkt

Difi er på vegner av PEPPOL.eu vorten regional myndigheit for Noreg. Avtalane fortel om plikter og rettar som aksesspunktet har ovanfor regional myndigheit.

Publisert: 08. jul 2013, Sist endra: 13. des 2018

Aksesspunkt sender inn signert avtale (hovudavtalen og alle vedlegga (annex'a)) når de søkjer om å verte eit aksesspunkt. Avtalen skal sendast til Difi.
Avtalen om sertifikat skal sendast inn når de er klare til test. Aksesspunktet må også ha ein avtale med OpenPEPPOL og betale den årlege avgifta for å vere eit aksesspunkt i infrastrukturen. Innmelding til OpenPEPPOL finn du her.

Aksesspunktavtalane med Difi (regional myndigheit)

Øvst på denne sida ligg dei avtalane aksesspunkt må inngå med Difi for å verte eit godkjent aksesspunkt.
Avtalane skal sendast signert som PDF til AP@difi.no - merkt "Aksesspunkt avtale" firmanamn.

I tillegg skal firmaattest frå Brønnøysundregistra leggast ved.

Dokumenta skal også sendast i posten til:
Difi
v/3150JEA
Pb. 8115 Dep
0032 Oslo

Når test er gjennomført tilfredstillande vil Difi signere og returnere avtalen.

Skjema for sertifikat

Aksesspunkt som er ferdig utvikla og som no skal begynne test må ha sertifikat.

Dokumentet skal fyllast ut og sendast som pdf til AP@difi.no

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*