Etiske krav i minst tre årlege innkjøp - Stavanger Kommune

I minst tre anskaffingar kvart år skal Stavanger kommune stille krav til etisk handel hos leverandørane. Både kvalifikasjons- og kontraktskrav vert tekne i bruk. Samtidig vert kommunens kompetanse på området sakte, men sikkert bygt opp. Det er ei langsiktig, men målbevisst satsing.

Publisert: 04. apr 2014, Sist endra: 04. Mai 2018

Lin Helliesen

Etter nokre medieoppslag tok kommunen eit meir systematisk grep om arbeidet med sosialt ansvarlege innkjøp. Resultatet vart politisk forankra vedtak om medlemskap i Initiativ for etisk handel (IEH), og godt forankra styringsdokument for berekraftige anskaffingar, konstaterer rådgjevar i innkjøpsseksjonen og fagansvarleg for etisk handel i kommunen, Lin Helliesen.

Medlemskapen i IEH inneber at ein årleg set seg mål, for så å rapportere på desse til IEH ved årsslutt. Dette kravet bidreg til merksemd om sosialt ansvarlege anskaffingar. Kommunen har også nytta IEH sitt internasjonale nettverk i samband med kontroll hos leverandørar av gatestein i India.

Ambisjonar

- Som leverandør av nokre av dei mest sentrale tenestene i samfunnet, og som ein av dei største arbeidsgivarane i regionen, har Stavanger kommune eit spesielt samfunnsansvar. Vi skal sikre ein rasjonell bruk av fellesskapens økonomiske midlar, og dette skal skje på ein mest mogleg berekraftig og sosialt ansvarleg måte. Samfunnet må kunne ha tillit til at vi tek dette ansvaret på alvor. God forankring på alle nivå i kommunen viser at dette er viktig for oss. Ambisjonane våre for etisk handel har jamleg vorte justerte i tråd med kva vi ser er realistisk å få gjennomført. Til å begynne med sa vi i handlingsplanen at vi skulle stille etiske krav i alle vareanskaffingar. Seinare vart dette endra til å gjelde minimum tre vareanskaffingar kvart år. Kvar haust gjennomgår vi planlagde vareanskaffingar i det komande året med sikte på å finne ut kva for nokre som eigner seg best, fortel Helliesen. Anskaffingane vert valde ut på grunnlag av ei risikovurdering. Produksjon i typiske lågkostland, høg kontraktsverdi og eventuelt høg symbolverdi er mellom dei forhold som aukar risikoen.

Auke kompetansen

- Det er eit mål å auke og sikre kompetansen på sosialt ansvarlege anskaffingar i alle deler av innkjøpsorganisasjonen, slik at fleire miljø kan verte meir sjølvgåande på dette området, held ho fram. Det å bygge kompetanse er eit langsiktig arbeid, ein lærer heile tida og vinn nye erfaringar. For eiga rekning dreg ho stor nytte av kontakten med IEH, og med Difi og Helse Sør-Øst, som på dette området vert rekna som eit føregangsmiljø.

Eit anna miljø som det er viktig å ha dialog med i kompetanseoppbygginga, er dei aktuelle leverandørmarknadane. I 2013 gjennomførte kommunen ein leverandørkonferanse i samband med ei anskaffing av arbeidsklede, fottøy og personleg verneutstyr, og her fekk ein både gitt leverandørane ei innføring i etisk handel, og ein fekk nyttige tilbakemeldingar på dei konkrete, etiske krava som skulle stillast. – Det førte til at vi justerte noko, konstaterer Helliesen. Ni representantar for sju leverandørar var til stades på konferansen, og det er ho fornøgd med..

Kvalifikasjonskrav

Stavanger kommune nøyer seg ikkje berre med å stille etiske krav som kontraktskrav – dei stiller også kvalifikasjonskrav. Her spør dei leverandørane om dei har kvalitetssikringssystem som skal sikre at tilbydar er eigna til å oppfylle dei etiske kontraktsvilkåra som gjeld for den aktuelle anskaffinga. Dei som har eit godt system, slepp gjennom nålauget – ikkje dei som ikkje har det.

- Kontraktsoppfølging er generelt tidkrevande, å følge opp etiske krav ikkje minst. Når leverandørane har eit eigna system allereie ved kontraktsoppstart, gjer det oppfølginga enklare, samtidig som vi sikrar at våre leverandørar er i gang med arbeidet på etisk handel. Det gir auka moglegheiter for at dei krava vi stiller, faktisk vert etterlevde i kontraktsperioden, poengterer rådgivar Lin Helliesen.

Til kompetansemiljøa på dette feltet har ho ei oppfordring: Gjer det enkelt for offentlege verksemder å stille etiske krav. Avklar dei juridiske grensene for kva ein har lov til å stille av krav, og tilby enkle metodar, malar og verktøy. Vert det for omfattande, kan terskelen verte høg for mange verksemder. Det viktigaste er at ein kjem i gang og gjer noko. Då er det lettare å ta neste steg. Ofte er det slik at ein sjølv må gjere seg nokre konkrete erfaringar før ein veit kva hjelp ein har behov for. Stavanger har på si side hatt gode erfaringar med verktøy og malar IEH har utarbeidd.

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre
*