Flatebyjordet barnehage i Aurskog-Høland

Kjelde: Difi

Som kommunal barnehage med eit heilt standard kommunalt budsjett, klarer Flatbyjordet barnehage å anskaffe ca. 20 prosent økologiske matvarer.

Publisert: 09. jul 2013, Sist endra: 14. jan 2019

Det heile starta med at det blei bestemt at barnehagen skulle bli miljøfyrtårnsertifisert. Då blei dei merksame på at dei også kunne bli eit fyrtårn i økologisk mat, noko dei blei.

Dei har fått god rettleiing av Bioforsk og har også hatt tilsette på diverse matkurs.

Styrar i barnehagen, Tone Vedahl Haugen, meiner at det dreier seg om å gjere eit val, og med små endringar er det mogleg å kjøpe økologisk mat.

Følgande produkt kjøper barnehagen økologisk:

  • Linser
  • Havregryn
  • Hermetiske tomater
  • Lettmelk
  • Rømme
  • Gulrøtter
  • Poteter
  • Appelsiner
  • Bananer
  • Broccoli

- Og dei er heile tida på jakt etter nye produkt.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*