Forsvaret - økologisk mat

Kjelde: Forsvaret

Forsvaret i Midt-Noreg samarbeidde med Bioforsk økologisk om prosjektet Økologisk mat i Forsvaret -15 prosent i 2010.

Publisert: 09. jul 2013, Sist endra: 14. jan 2019

Målsetnaden for prosjektet var å byte ut nokre volumprodukt som for eksempel poteter, mjølk, jus og rotgrønsaker, til økologiske.

Viktige suksessfaktorar for prosjektet:

  • Prosjektet var basert på frivilligheit, noko som gjorde kokkane nysgjerrige.
  • Dei tilsette ved kvart kjøkken fekk vere med å bestemme.
  • Økologisk grunnkurs for kokkane.
  • Nedskjering og foredling av økologisk kjøtt.
  • Positiv medieomtale.

Prosjektet var så vellykka at det blei bestemt å satse på økologisk mat i Forsvaret over heile landet. Målsetnaden for 2012 var 15 prosent, men har vore på 10 prosent. Målsetnaden for 2013 er 15 prosent. Volumvarer som Forsvaret i dag har bytt heilt ut eller er i ferd med å byte heilt ut til økologisk, er lettmjølk, ekstra lettmjølk, egg, heileggmasse og skiva ost. Mjølka utgjer nær 700 000 liter på årsbasis.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*