BREEAM-NOR in-use

Kjelde: NGBC

Med sertifiseringssystemet BREEAM-NOR in-use kan du analysere miljøpåverknaden til eit bygg. Dette er aktuelt anten du eig eller leiger i bygget for å redusere miljøpåverknad og kostnader for bygget.

Publisert: 04. jul 2014, Sist endra: 06. des 2018

Bygget vert evaluert etter ein tredelt struktur:

  • Bygning
  • Forvalting
  • Bruk

For kvar kategori svarer du på ei rekke spørsmål om miljøkvaliteten til bygget. Når du har svart på spørsmåla, kan du bestille ein analyse av kartlagd kvalitet og så vurdere kva miljøtiltak som er fornuftige. Du kan også få sertifisert bygget for å få eit bevis på miljøprestasjonen.

Ein analyse gjennomført med BREEAM-NOR in-use kan også vere eit grunnlag for grøne leigeavtalar.

For å få tilgang til systemet må du gjennomføre eit brukarkurs i regi av NGBC.

Meir om leige av eigedom

Dette verktøyet er ein del av Difi si rettleiing for leige av eigedom. I rettleiinga viser vi korleis du best gjennomfører ein leigeprosess.

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre
*