Miljøavtale leige

Kjelde: Norsk Eiendom

Norsk Eiendom har utvikla ein miljøavtale som kan brukast ved leige av eigedom. Med slike avtalar kan du som leigetakar bidra til å redusere miljøpåverknaden i bygget du leiger.

Publisert: 04. jul 2014, Sist endra: 25. mar 2020

Miljøavtalen skal sikre at utleigar og leigetakar samarbeider om å halde og vidareutvikle ein god miljøstandard i leigeperioden. Aktuelle miljøtema kan vere auka energieffektivitet, betre ressursutnytting og redusert utslepp/avfall i samband med drift og vedlikehald av leigeobjektet.

Avtalen kan brukast når du inngår ein leigeavtale til eit bygg du skal flytte til, men kan også leggast til ein eksisterande leigeavtale ved reforhandling. Miljøavtalen brukast saman med bransjen sin standard leigeavtale for næringsbygg. Vi anbefalar å bruke den avtalen som er tilpassa offentlege leigetakarar. Du finn han i Digitaliseringsdirektoratet si dokumentpakke for leige av eigedom.

Avtalen inneheld ein omtale av miljøtiltak, miljømøte samt fordeling av kostnader og innsparingar.

På same side finn du eit døme på ein tiltaksplan for miljø og eit utrekningseksemplar for utrekning av energiinnsparing.

Det er viktig å merke seg at god miljøoppnåing er avhengig av at alle tilsette i bygget følgjer lojalt opp dei tiltaka som er avtalte. Døme på dette er overstyring av varme og kjøling, kjeldesortering av avfall, bruk av varmt tappevatn etc.  

Meir om leige av eigedom

Dette verktøyet er ein del av Digitaliseringsdirektoratet si rettleiing for leige av eigedom. I rettleiinga viser vi korleis du best gjennomfører ein leigeprosess.

Hjelp oss å lage bedre nettsider

Fant du det du lette etter?

Hjelp oss å lage bedre nettsider
*