Berekraftskriterium for anskaffingar av kontorrekvisita

Kjelde: EU og Upphandlingsmyndigheten

Her finn du lenker til kriteriesett for papirprodukt, belysning og drikke- og vareautomatar, laga av EU og svenske myndigheiter.

Publisert: 28. jun 2016, Sist endra: 14. jan 2019

Difi anbefaler bruk av desse kriteriesetta då det per dags dato ikkje ligg føre oppdaterte kriteriesett på norsk.

Kriteriesetta kan brukast til å stille klima- og miljøkrav i

  • kvalifikasjonskrav
  • spesifikasjonskrav
  • tildelingskriterium
  • kontraktsvilkår

EU - Felleseuropeiske kriterium

Europakommisjonen har laga felles europeiske kriterium.

Inndeling av kriteria

  • Kriteria er laga på to nivå – basisnivå (core criteria) og avansert (comprehensive criteria).
  • Kriteria er sorterte etter dei ulike delane av anskaffingsprosessen for kvar kategori. 
  • Kriteria er laga for to kategoriar.

Svenske kriterium

Dei svenske anskaffingsmyndigheitene (Upphandlingsmyndigheten) har utvikla eigne berekraftskriterium for kontorrekvisita. Desse omfattar primært klima- og miljøkrav, men også sosiale krav for enkelte produkt.

Inndeling av kriteria

  • Kriteria er laga på tre nivå – basis, avansert og spydspiss.
  • Kriteria er sorterte etter dei ulike delane av anskaffingsprosessen for kvar kategori. 
  • Kriteria er laga for tre kategoriar.

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre
*