Retningslinjer og strategiar for leige av eigedom
Desse dokumenta kan brukast til inspirasjon om du skal etablere retningslinjer for leige av eigedom i organisasjonen din. Prosedyrane er utvikla av Skatteetaten og inngår som ein del av deira kvalitetssystem for leige av eigedom.
Retningslinjer - behandlingsmåten for eigedomssaker – Skatteetaten
Her finn du retningslinjene for prosessen med å inngå leigeavtalar i skatteetaten. Dette kan brukast som innspel til etablering av eigne retningslinjer for leige av eigedom i organisasjonen din. Tema som omhandlast er budsjett, ansvar, innleigeprosess, tilhøve til departementet, samt ei kommentarliste til skatteetaten sin leigeavtale. Den siste kan brukast som innspel ved inngåing av leigeavtale basert på avtalen i Digitaliseringsdirektoratet sin dokumentpakke for leige av eigedom.
Prosedyre for ansvarstilhøve – Skatteetaten
Prosedyren viser ei matrise over ansvarsfordelinga for leige av eigedom mellom dei ulike avdelingane i Skatteetaten. Den kan vere til inspirasjon for deg som ønskjer å avklare ansvarstilhøve i organisasjonen din.
Meir om leige av eigedom
Dette verktøyet er ein del av rettleiing for leige av eigedom. I rettleiinga viser vi korleis du best gjennomfører ein leigeprosess.