Rettleiar om løns- og arbeidsvilkår i offentlige kontraktar (nynorsk)

Kjelde: Difi

I denne rettleiaren finn du informasjon om forskrift om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar og korleis du går fram for å stille og følgje opp krav til løns- og arbeidsvilkår. Du finn også malar og verktøy som hjelper deg i dette arbeidet.

Publisert: 04. jan 2019, Sist endra: 02. nov 2019

Innhald

Arbeidsflyt
 
Kva tid gjeld forskrift om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar?
Forskrifta om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar gjeld ved tildeling av tenestekontraktar og byggje- og anleggskontraktar for:

  • statlege styresmakter
    • ved kontraktar som er over 1.3 mill. kroner ekskl. mva.
  • kommunale og fylkeskommunale styresmakter og offentlegrettslege organ
    •  ved kontraktar som er over 2.0 mill. kr. ekskl. mva. 

Desse terskelverdiane justerast annakvart år av Nærings- og fiskeridepartementet.

Rutinar og ansvar

Rutinar og ansvar

Døme på oppfølgingsrutine

 

Difi har innført ein rutine for å hindre arbeidslivskriminalitet og for å sikre etterleving av krav til løns- og arbeidsvilkår i Difi.

Det overordna ansvaret for arbeidet mot arbeidslivskriminalitet i offentlege kontraktar ligg hos leiinga i verksemda, og bør omtalast i relevante strategidokument. Dette kan til dømes vere verksemda sin anskaffingsstrategi.

For kontraktar som er dekte av ei allmenngjeringsforskrift, må du også følgje forskrifta om informasjons-, tilsynsplikt og innsynsrett. Tilsynsplikta gjeld både private og offentlege oppdragsgjevarar, og om leverandøren ikkje brukar underleverandørar er det oppdragsgjevar som har tilsynsplikt. Plikta vil seie at oppdragsgjevar skal sjå til at allmenngjeringsforskriftene blir følgde av underleverandørar i bransjar som er dekte av desse forskriftene. Les meir om tilsynsplikt på nettsidene til Arbeidstilsynet.

Dokumenter gjerne rutinane i ein kontraktstrategi slik at det er tydeleg kven som er ansvarleg for å følgje opp løns- og arbeidsvilkår for den aktuelle anskaffinga. I kontraktstrategien kan du også inkludere vurderingar av risikoen for brot på krava til løns- og arbeidsvilkår for den kontrakten du skal inngå.

Kontraktinngåing

Kontraktsinngåing

 

Kontraktkrav

Arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping føreset at offentlege innkjøparar stiller krav til løns- og arbeidsvilkår i relevante kontraktar.

I kontrakten skal det stillast følgjande krav:

  • Kontraktfeste krav til løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande allmenngjeringsforskrifter eller landsomfattande tariffavtale for vedkomande bransje
  • Kontraktfeste krav om at leverandøren og underleverandørar på førespurnad dokumenterer at krava blir oppfylte
  • Kontraktfeste høvelege sanksjonar om leverandøren og underleverandøren(ane) ikkje oppfyller krava til løns- og arbeidsvilkår. Sanksjonane skal vere eigna til å påverke leverandøren og underleverandøren(ane) til å oppfylle krava

Allmenngjord tariffavtale

Ein allmenngjord tariffavtale er ein forskrift om ein minimumsstandard for løns- og arbeidsvilkår i ein bransje. Den gjeld for alle som arbeider der forskrifta gjeld, sjølv om dei ikkje er bundne av ein tariffavtale. Dette skal hindre at utenlandsk arbeidskraft får dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn det som er vanleg i Noreg. Du kan lese meir om dette på Arbeidstilsynets hjemmesider.

Landsomfattande tariffavtale

Ein landsomfattande tariffavtale er ein tariffavtale inngått mellom arbeidstaker- og arbeidsgiverorganisasjonar som regulerer løns- og arbeidsvilkår for ein bransje eller sektor. Virkeområde for den landsomfattande tariffavtalen skal være dekkande for kontraktsarbeidet. Dersom du er i tvil om hvilken eller hvilke tariffavtalar som finnes og virkeområdet til desse, kan du kontakte med partane som representerer henholdsvis arbeidstakere og arbeidsgivere

 

Krava gjeld tilsette hos leverandøren og eventuelle underleverandørar som direkte medverkar til å oppfylle kontrakten. 

Tips

Om du brukar ein norsk standardkontrakt (NS), må du hugse på å ta inn kontraktvilkår om krav til løns- og arbeidsvilkår i eit av vedlegga til kontrakten. Du kan til dømes klippe inn malen til Difi for kontraktvilkår for løns- og arbeidsvilkår i eit av vedlegga.

Footer inn her

 Informasjon om krav til løns- og arbeidsvilkår

Som oppdragsgjevar har du plikt til å informere om at det i samsvar med forskrifta stillast krav til:

  • løns- og arbeidsvilkår i kontrakten
  • dokumentasjon
  • sanksjonar

Dette skal gå fram av kunngjeringa eller av konkurransegrunnlaget. Det er tilstrekkeleg å leggje ved kontrakten som inneheld krav til løns- og arbeidsvilkår, men Difi rår til at du i tillegg opplyser om dette under «Spesielle kontraktvilkår» i Doffin/TED.

Om ei allmenngjeringsforskrift regulerer løns- og arbeidsvilkår for den bransjen som kontraktarbeidet gjeld, rår vi til at du informerer om den aktuelle allmenngjeringsforskrifta, og opplyser at leverandøren er plikta til å syte for at arbeidstakarane hos leverandøren, og hos eventuelle underleverandørar, skal ha løns- og arbeidsvilkår i tråd med allmenngjeringsforskrifta.

Framlegg til tekst til konkurransegrunnlaget:

I vedlagde kontraktkrav pkt. xx.xx.xx/vedlegg xx [set inn aktuelt punkt og/eller vedleggnummer] er det stilt krav som sikrar at arbeidstakarar hos leverandør og eventuelle underleverandørar som utfører arbeid på kontrakten ikkje har dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn det som følgjer av gjeldande forskrifter om allmenngjorde tariffavtalar eller landsomfattande tariffavtalar for dei aktuelle bransjane. [namn på offentleg verksemd] vil også føre kontroll med at vilkåra blir overhaldne og setje i verk sanksjonar overfor leverandørane ved manglande overhalding av vilkåra.

Footer inn her

 Eigenrapportering

Eigenrapportering

Difi rår til at det brukast eit eigenrapporteringsskjema for å hente inn informasjon om kva løns- og arbeidsvilkår leverandøren tilbyd sine tilsette. Denne informasjonen er ei viktig informasjonskjelde for å gjere ei risikovurdering av kontrakten. Det er viktig at du som oppdragsgjevar brukar svara frå leverandøren aktivt ved risikovurderinga og som grunnlag for dialog med leverandøren. I motsett fall vil eigenrapportering oppfattast som ein byrde og ein tidstjuv. Det er difor viktig å planleggje korleis informasjonen skal brukast, og at det blir sett av naudsynte ressursar til dette arbeidet.

Difi rår til at eigenrapporteringsskjemaet hentast inn innan ein månad etter kontraktsignering. Du bør også hente inn eit nytt eigenrapporteringsskjema frå leverandøren for kvar gong krava til løns- og arbeidsvilkår skal følgjast opp og kontrollerast.

Risikovurdering

Risikovurdering

Oppdragsgjevar må gjennomføre naudsynt kontroll av om krava til løns- og arbeidsvilkår er oppfylte. Dette føreset at du gjer ei risikovurdering for å avgjere omfanget og behovet for å gjennomføre meir kontroll av kontrakten. Om risikovurderinga viser at det er låg risiko for brot på krava, vil det i dei fleste tilfelle ikkje vere naudsynt å gjere meir kontroll av kontrakten. Avdekkjer du derimot høg risiko for brot på krava, må du som oppdragsgjevar gjennomføre meir kontroll.

Ver merksam på endringar i kontraktperioden!

  • Fleire og hyppige klagar på kvaliteten på utført arbeid
  • Hyppige skifte av personell eller kontaktperson
  • Om kontraktarbeidet blir gjort til andre tidspunkt enn avtalt
  • Firmaet endrar namn, men beheld organisasjonsnummer, eller omvendt
  • Arbeidstilsynet gjev leverandøren pålegg
  • Mediemerksemd om omstende rundt leverandøren

Dette kan vere signal på at noko er gale, og at du bør gjennomføre ei ny risikovurdering av kontrakten.

 

 

Du bør gjennomføre risikovurderingar som ein del av den løpande kontraktoppfølginga gjennom levetida på kontrakten. Risikovurderinga viser også kor mykje ressursar og tid verksemda di må setje av til kontrollarbeidet.

Som oppdragsgjevar må du også følgje opp eventuelle endringar som skjer under gjennomføringa av kontrakten. Dette kan til dømes vere at leverandøren skiftar underleverandørar. Du bør då gjennomføre ei ny risikovurdering av kontrakten. Resultatet kan i slike tilfelle bli at risikonivået i ein kontrakt som i utgangspunktet vart vurdert som lågt, endrar status til høg risiko. 

Du bør dokumentere og arkivere resultatet av risikovurderinga på same sak som kontrakten.

Risikomoment

Risiko avheng av konkrete tilhøve, og det er difor ikkje mogleg å gje opp alle risikofaktorar uttømande. Somme risikofaktorar går likevel igjen:

Bransje

Basert på erfaringar er risikoen for brot på krav til løns- og arbeidsvilkår stor i enkelte bransjar. Det gjeld særleg for bransjar kor det finst allmenngjeringsforskrifter.

Anskaffingar som gjeld bransjar med allmenngjeringsforskrifter, vil ofte krevje meir omfattande kontroll.

Underleverandørar

Dersom leverandøren vil nytte underleverandørar under utføringa av kontraktsarbeidet, kan det indikere høgare risiko. Dette kjem av at bruk av mange underleverandørar gjev deg mindre oversikt, og gjer det vanskelegare å følgje med på korleis dei tilsette sine løns- og arbeidsvilkår blir vareteke. Difor må du skaffe deg kunnskap om korleis leverandøren skal utføre kontraktsarbeidet, og kva for nokre underleverandørar som utfører arbeidet.

Utanlandske leverandørar

Om du forventar at det vil vere utanlandske leverandørar, eller at underleverandøren vil bruke utanlandsk arbeidskraft under gjennomføringa av kontraktsarbeidet, kan det vere behov for meir omfattande kontroll. Ut frå erfaringar har utanlandske arbeidstakarar dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn det norske arbeidstakarar har i tilsvarande arbeidsforhold, sjølv om dei tilbydde løns- og arbeidsvilkåra er akseptable i heimlandet.

Leverandøren må i slike tilfelle justere løns- og arbeidsvilkåra slik at desse tilfredsstillar krava i forskrift om løns- og arbeidsvilkår. Det betyr at utanlandske arbeidstakarar skal ha same løn som norske arbeidstakarar har krav på, når dei utfører arbeid på den aktuelle kontrakten i Norge.

Verdi og lengde på kontrakten

Kontraktar med stor verdi og lang varigheit kan ha større risiko knytt til brot på løns og arbeidsvilkår enn kontraktar med mindre verdi og kortare varigheit. Viss kontraktsarbeidet er av eit stort omfang, vil det vere mange arbeidstakarar involvert under utføringa av oppdraget. Dersom kontrakten i tillegg har lang varigheit, fører det med seg ein høgare risiko for brot på regelverket.

Du må likevel vere merksam på at risikoen for brot på krava kan vere svært høg i til dømes byggje- og anleggsarbeid av kortare varigheit dersom kontraktsarbeidet må gjennomførast intensivt.

Innleigd arbeidskraft

Er det ein stor del innleigd arbeidskraft, kan det innebere høgare risiko for brot på krava til løns- og arbeidsvilkår. 

Låge krav til formell kompetanse

Låge krav til formell kompetanse hos arbeidstakarane kan vere ein risikofaktor. Dette kan til dømes gjelde bransjer som målare og renhaldarar.

Tidligare erfaringar

Har dykk tidlegare gått til anskaffing av tilsvarande tenester frå leverandøren, eller har kjennskap til leverandøren sin praksis angåande løns- og arbeidsvilkår frå tidlegare oppdrag, kan dette vere viktig informasjon å ta med i risikovurderinga. Om dykk er kjend med at leverandøren tidlegare har operert med akseptable løns- og arbeidsvilkår, kan det tilseie behov for mindre kontroll enn ved motsett tilfelle.

Dialog med leverandørmarknaden

Om du gjennomfører marknadsundersøkingar eller har dialog med leverandørane, rår vi til at du også inkluderer spørsmål om risiko for brot på krava til løns- og arbeidsvilkår; Leverandørane kjenner ofte til risikofaktorar innanfor sin eigen bransje.

Dette kan til dømes gjelde:

  • kva slags løns- og arbeidsvilkår som er vanlege i bransjen
  • om leverandørane planlegg bruk av underleverandørar 
  • om det brukast utanlandske arbeidstakarar

Footer inn her

Kontroll

Kontroll

Etter kontraktinngåing har du som oppdragsgjevar plikt til å gjennomføre naudsynt kontroll av om krava til løns- og arbeidsvilkår er oppfylte i kontraktperioden. Risikoen for brot på krava avgjer omfanget på kontrollen.

Oppdragsgjevar skal gjennomføre naudsynt kontroll av om krava til løns- og arbeidsvilkår overhaldast. Graden av kontroll kan tilpassast behovet i vedkomande bransje, geografiske område mv.»

 

Forskrift om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar § 7

Kontrollen gjeld berre dei tilsette hos leverandøren eller underleverandøren som skal utføre arbeid på kontrakten når dei medverkar til å utføre kontraktarbeidet. Forskrifta pålegg ikkje at oppdragsgjevar kontrollerer kva løns- og arbeidsvilkår dei tilsette har hatt tidlegare, eller kva dei har når dei ikkje medverkar på kontrakten.

Når risikovurderinga avdekkjer låg risiko for brot på krava til løns- og arbeidsvilkår, er det ikkje naudsynt å gjennomføre ytterlegare kontroll. Sjølv om risikoen vurderast som låg, betyr det ikkje at det ikkje kan skje brot på krava. Det er viktig at du som oppdragsgjevar prioriterer ressursane på oppfølging og kontroll av kontraktar der risikoen er størst. I slike tilfelle rår vi til at du lagar ein skriftleg rapport etter at risikovurderinga er gjennomført.

Når risikovurderinga viser middels risiko for brot på krava til løns- og arbeidsvilkår, rår vi til at du som oppdragsgjevar vurderer om det skal gjennomførast meir kontroll av om krava er oppfylte. Dette kan du til dømes gjere ved å gjennomføre ein dokumentasjonsgjennomgang for for enkelte arbeidstakarar hos leverandøren (stikkprøvekontroll).

Når risikovurderinga viser høg risiko for brot på krava til løns- og arbeidsvilkår, rår vi til at du gjennomfører meir kontroll. Då bør du be om at leverandøren dokumenterer at krava er oppfylte (dokumentasjonsgjennomgang).

Tilhøvet til kontrolletatane

Du skal som offentleg innkjøpar ikkje etterforske moglege lovbrot. Om du mistenkjer at det ligg føre lovbrot, eller andre kritikkverdige tilhøve, bør du kontakte Arbeidstilsynet eller politiet.

Sjølv om eit tilhøve meldast til politiet, eller du varslar ein av kontrolletatane, må du framleis vurdere om det ligg føre brot på krava til løns- og arbeidsvilkår. I slike tilfelle må du vurdere om du sanksjonerer kontraktbrotet.

 Kontroll og gjennomgang av dokumentasjon

Dokumentasjonsinnhenting

Om risikovurderinga viser at det er høg risiko for brot på krava til løns- og arbeidsvilkår i kontrakten, må du som oppdragsgjevar gjennomføre kontroll av relevant dokumentasjon frå leverandøren(ane). I slike tilfelle er det ikkje tilstrekkeleg berre å gjere ei risikovurdering basert på eigenrapporteringa frå leverandøren. Forskrifta gjev deg rett til å be om at leverandøren og eventuelle underleverandørar dokumenterer at krava til løns- og arbeidsvilkår er oppfylte for arbeidstakarar som utfører kontraktarbeidet.

Tips

Det er mogleg å be om meir dokumentasjon. Dette kan til dømes vere innsyn i leverandøren sine kontoutskrifter for å sjå at løna faktisk er overført til arbeidstakarane. Du må då ta inn dette dokumentasjonskravet i kontraktvilkåret.

Footer inn her

Aktuell dokumentasjon å hente inn kan vere:

  • kopi av arbeidsavtalar
  • lønsslippar
  • timeregistreringar
  • avtalar om kost og losji 

Desse dokumenta seier noko om dei løns- og arbeidsvilkåra som arbeidstakaren har.

Difi rår til at du hentar inn informasjon om dei allmenngjeringsforskriftene eller landsomfattande tariffavtalane som leverandøren har lagt til grunn. Utan slik kjennskap vil etterfølgjande kontroll bli vanskeleg å gjennomføre.

Du bør hente inn dokumentasjon for eit tilstrekkeleg tal tilsette hos leverandøren eller underleverandøren. Kva som er tilstrekkeleg, avheng av kor mange arbeidstakarar som har utført arbeid på kontrakten.

Ved middels risiko for brot på krav til løns- og arbeidsvilkår, kan du eventuelt gjennomføre ein stikkprøvebasert kontroll. Du ber då om at leverandøren dokumenterer løns- og arbeidsvilkåra for nokre arbeidstakarar som har utført arbeid på kontrakten.

Utvalet for kontroll og lengda på kontrollperioden avheng av kor lenge og stor kontrakten er. Kontrollperioden bør vere avgrensa, og du bør plukke ut eit relevant utval tilsette. Utvalet for kontroll kan vere basert på ei vurdering av risiko; Kontrollen kan til dømes konsentrerast om bruk av underleverandørar eller utanlandske arbeidstakarar, medan i andre tilfelle kan det vere passande med eit tilfeldig utval.

Behandling av personopplysningar

Personopplysningslova består av nasjonale reglar og EUs personvernforordning (GDPR - General Data Protection Regulation).

Når du som oppdragsgjever utfører kontroll, vil du handsame både alminnelege og kanskje også sensitive personopplysningar. Da må du forhalde deg til reglane i personvernforordninga. Vi rår deg å sette deg inn i og nytte Datatilsynets veileder for meir detaljert informasjon om framgangsmåte ved handsaming av personopplysningar.

Forskrifta om løns- og arbeidsvilkår i offentlige kontraktar gjer deg grunnlag for handsaming personopplysningar. Dette er også tilstrekkelig grunnlag for å lagre opplysningane for å dokumentere at kontroll er utført.

Det er viktig å hugse på to prinsipper i personvernforordninga:

  • Prinsippet om dataminimering inneberer at du som oppdragsgjevar ikkje innhenter og lagrar meir informasjon enn det som er nødvendig for å kontrollere at kravea i forskrifta om løns- og arbeidsvilkår er oppfylt.
  • Prinsippet om formålsbegrensning inneberer at du ikkje kan nytte personopplysningane til andre føremål enn det dei er innhenta for.

Kva skal kontrollerast?

Om kontrakten gjeld ein bransje som er omfatta av ei allmenngjeringsforskrift, skal oppdragsgjevar kontrollere at arbeidstakarane som utfører arbeid på kontrakten, får dei løns- og arbeidsvilkåra som står i den aktuelle allmenngjeringsforskrifta.

For område som er dekte av landsomfattande tariffavtale, skal oppdragsgjevar kontrollere:

  • vilkår om minste arbeidstid
  • løn, under dette overtidstillegg, skift- og turnustillegg og ulempetillegg
  • dekking av utgifter til reise, kost og losji, den grad tariffavtalen har slike vilkår

Arbeidsmiljølova krev at det skal inngåast ein skriftleg arbeidsavtale i alle arbeidstilhøve. Gjennom innsyn i arbeidsavtalane får du som oppdragsgjevar informasjon om kva løns- og arbeidsvilkår den einskilde arbeidstakar som har utført arbeid på kontrakten, har. Du skal som oppdragsgjevar ikkje kontrollere at arbeidsavtalane oppfyller krava i arbeidsmiljølova, men om det manglar relevante opplysningar om arbeidsvilkåra, kan du be leverandøren om å dokumentere dei opplysningane som manglar. I tillegg kan du gjere leverandøren merksam på at arbeidsavtalen ikkje tilfredsstiller krava i lova og eventuelt melde frå om tilhøvet til Arbeidstilsynet.

Kontroll av løn

Du må kontrollere innhenta lønsslippar opp mot arbeidsavtalen og den allmenngjeringsforskrifta eller landsomfattande tariffavtalen som leverandøren baserer løns- og arbeidsvilkåra sine på.

For å sikre korrekt grunnlag for kontrollen bør du sjekke at virkeområdet for den tariffavtalen som leverandøren har gjeve opp, er dekkande for kontraktarbeidet.

Lønsslipp

Arbeidsmiljølova krev at arbeidstakaren skal ha ei skriftleg oppgåve som viser:

  • utrekningsmåte for løna
  • berekningsgrunnlaget for feriepengar
  • kva trekk som eventuelt er gjort

Dette gjev deg høve til å kontrollere om løna til arbeidstakaren tilfredsstiller krava til løns- og arbeidsvilkår.

Footer inn her

 

Sjekkliste for kontroll av løn

Kontrollgrunnlag

  • Gjeldande allmenngjeringsforskrift for bransjen
  • Landsomfattande tariffavtale med et virkeområde som gjeld for kontraktsarbeidet

Dokumentasjon

  • Arbeidsavtale
  • Timeliste
  • Lønsslipp

Kontroll

  • Er avtalte løn minimum i samsvar med gjeldande tariffavtale eller allmenngjeringsforskrift?
  • Er det samsvar mellom timelister og timer på lønsslippen?
  • Stemmer timeløn og eventuelle tillegg oppgitt på den enkelte arbeidstakers lønsslipp med arbeidsavtalens opplysningar om timeløn og tillegg?
  • Er berekning av overtidstimar og overtidsgodgjering gjord i samsvar med arbeidsmiljølova og eventuelle tariffavtalar?
  • Ved mistankje om brot - er utbetalt løn i samsvar med lønsslippen?

 

Kontroll av arbeidstid

Tips

Det kan vere lurt å involvere HR-avdelinga eller løns- og personalavdelinga i verksemda di ved innhenting og tolking av dokumentasjon som til dømes arbeidsavtalar, lønsslippar og timeregistrering. I mange tilfelle kan desse også hjelpe i eventuelle arbeidsrettslege tolkingar.

Footer inn her

Arbeidsmiljølova krev at det skal liggje føre ei oversikt som viser kor mykje den enkelte arbeidstakar har arbeidd. Denne oversikta er godt eigna for å vurdere om det er samsvar mellom timelistene og timar på lønsslippane, og du bør difor syte for å hente denne inn frå leverandøren og eventuelle underleverandørar. 

Om det er gjort unnatak frå hovudreglane i arbeidsmiljølova om arbeidstid hos leverandøren, bør du be om at den skriftlege avtalen om unnataket leggjast fram.

Sjekkliste kontroll arbeidstid

Dokumentasjon

  • Informasjon om leverandørens timeregistreringssystem
  • Eventuelle rutinebeskrivelser vedrørende timeregistrering hos leverandøren
  • Timelister

Kontroll

  • Er det samsvar mellom timelistene for den einskilde arbeidstaker og den registrerte oversikten over arbeidede timer for arbeidstakaren?
  • Er det samsvar mellom arbeidede timer og arbeidsmiljølovens bestemmelser om arbeidstid, eventuell avtale om gjennomsnittsberegning av arbeidstid i tariffavtale eller arbeidsmiljølovens bestemmelser om arbeidstid?

Tiltak og sanksjonar

Tiltak og sanksjonar

Kontrakten skal innehalde vilkår om sanksjonar om du har avdekt brot på krava om løns- og arbeidsvilkår i kontrakten. Du står relativt fritt til å setje i verk passande sanksjonar, men det er eit krav om at sanksjonen er eigna til å påverke leverandøren eller underleverandøren til å oppfylle vilkåra i kontrakten. Dette betyr at sanksjonen må vere i samsvar med alvorsgraden og omfanget av brotet på kontraktvilkåret.

Difi rår til at du som oppdragsgjevar krev at brot på krava rettast ved mindre alvorlege brot. Dette gjev leverandøren ein sjanse til å oppfylle kontrakten slik at arbeidstakarane får løns- og arbeidsvilkår i tråd med regelverket.

Om det er større avvik som må rettast, kan du be leverandøren om ein forpliktande handlingsplan for å sikre at retting skjer. Du bør gje leverandøren ein rimeleg frist til å rette tilhøva og dokumentere at retting er gjennomført. Du kan også be om at leverandøren kjem med si fråsegn om eventuelle avvik før du set i verk andre sanksjonar.

Andre sanksjonar som kan vurderast, er dagbøter eller tilbakehalding av kontraktsum.

Ved vesentlege kontraktbrot kan kontrakten hevast. Alvorlege eller gjentekne brot krava i kontrakten til løns- og arbeidsvilkår kan føre til at vesentlegheitskravet er oppfylt.

 

Rapport etter kontroll

Rapport etter kontroll

Tips

Rapporten bør innehalde informasjon om:

  • kva som vart kontrollert
  • kva slags dokumentasjon som vart henta inn
  • eventuelle funn
  • kva tiltak som vart sette i verk som følgje av eventuelle avvik
  • kva fristar som vart setteEventuelle brev, møtereferat, e-postar i samband med saka bør liggje ved som vedlegg til rapporten.Footar inn her

Footer inn her


Ein gjennomført kontroll av løns- og arbeidsvilkår skal du dokumentere etter reglane i forvaltningslova og arkivlova. Difi rår til at du lagar eit skriftleg notat eller ein rapport etter at kontrollen er avslutta. Denne rapporten vil, saman med ei skriftleg risikovurdering, vise at du har ivareteke kontrollplikta etter forskrifta om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar.

Rapporten vil også liggje til grunn for framtidige kontrollar, og som ei erfaring som kan brukast i framtidige risikovurderingar av kontrakttilhøve med denne leverandøren. Rapporten kan også leggjast til grunn om du vurderer å avvise leverandøren ved seinare anskaffingar.