Rettleiar om SLA - tenestenivåavtale

Kjelde: Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK)

I ein tenestenivåavtale bestemmer to partar kva som er akseptabelt kvalitetsnivå på eigedomsdrift. Ein SLA inneheld konkrete måleparameter og kvalitetskrav, og vil gjere kontraktsoppfølging lettare. Rettleiaren gjev deg kunnskap om korleis du inngår ein slik avtale.

Publisert: 19. jul 2013, Sist endra: 14. apr 2020

Tenestenivåavtalar eller SLA (Service Level Agreements) kan brukast mellom ein leigetakar og ein utleigar, internt mellom ulike einingar i ein eigedomsorganisasjon, og som eit avtaledokument ved kjøp av FM-tenester. Rettleiaren definerer omgrep og viser døme på avtalar som kan bidra til rettare leveransar, redusere uklårleik og skape ryddige samarbeidstilhøve.

Rettleiaren inneheld skildring og døme på innhald i ein SLA.

Rettleiaren er utarbeidd av Multiconsult AS i 2009 med støtte frå KoBE-programmet i Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK).

Meir om leige av eigedom

Dette verktøyet er ein del av Digitaliseringsdirektoratet si rettleiing for leige av eigedom. I rettleiinga viser vi korleis du best gjennomfører ein leigeprosess.

Hjelp oss å lage bedre nettsider

Fant du det du lette etter?

Hjelp oss å lage bedre nettsider
*