Veileder for bruk av EPD i byggeprosessen

Kjelde: Difi

Ein EPD (Environmental Product Declaration) er ein miljødeklarasjon som beskriv målte miljødata til eit material eller produkt gjennom heile livssyklusen.

Publisert: 05. okt 2018, Sist endra: 23. apr 2019

Krav til miljøpåverknaden til material og produkt

Materialar og bygningsprodukt krev store mengder ressursar og energi i produksjonen. For å redusere miljøpåverknaden til bygg kan du velje dei materiala som har best miljøprestasjon gjennom levetida til bygget.

EPD kan brukast i kravspesifikasjonar eller kontraktsvilkår for å dokumentere miljødata til materialane eller for vise at kravet til ytinga er oppnådd. Ønskjer du eksempelvis å redusere klimagassutsleppa frå bygget ditt kan du be om EPD i prosjekteringsfasen for å vurdere ulike materialar mot kvarandre.

Døme på kravspesifikasjon:

Materialar og produkt <set inn liste over aktuelle materialar> skal tilfredsstille utsleppskrava <set inn xx kg CO2/deklarert eining>. Dette skal dokumenterast i kontraktsgjennomføringa med EPD m.o.t. EN 15804 eller tilsvarande miljødeklarasjon type lll jf. ISO 14025.

Utsleppskravet gjeld summen av klimagassutslepp for produktet frå råvare til fabrikkport (A1-A3) jf. EN 15804. Ein levert EPD for materialar og produkt blir nytta for å vurdere og dokumentere miljøbelastingar i rekneskapen for klimagass i prosjektet.

Oversikt over fleire krav til byggjevarer du kan nytte for materialar finn du i Difi sin kriterievegvisar for bygg.

Kva komponent ein ber om EPDar for eller talet på EPD i prosjekt  bør ikkje overgå kva marknaden kan tilby innan denne produktkategorien, og vere i tråd med kor strategisk viktig anskaffinga er.

Kvifor be om EPD i anskaffinga av bygg?

For å rekne klimafotavtrykket til eit bygg kan ein nytte EPDar for materialar og komponent. EPD kan og brukast i ein avgjerdsprosess for val av dei mest miljøvennlege materialane. EPD gir ikkje ei vurdering av miljøprestasjonen, men er underlag for å dokumentere i forhold til gitte grenseverdiar.

Dei ulike fasane i livssyklusen som EPD-en inkluderer avheng av kor ein set systemgrensene, altså kva fasar som har blitt vurdert. Dei vanlegaste fasane å vurdere for materialar i byggjeprosjekt er:

Fase Prosess
A1Uttak og framstilling av råvarer
A2Transport av råvarer
A4Produksjon av produkt
A4Transport til byggjeplass

Miljødata som klimagassutslepp, nedbryting av stratosfærisk ozon, forsuring og overgjødsling, energibruk, ressursbruk og avfall for dei ulike fasane kan lesast av i EPD-en.
Ein EPD er utvikla etter ISO 14040- standardar, slik at produkt innan same produktkategori skal kunne samanliknast uavhengig av kva land eller region produktet er produsert i. EPDar for byggjevarer skal vere i samsvar med EN 15804 og er verifisert av ein uavhengig tredjepart, og blir så godkjend av eit EPD-program som m.a. EPD-Norge.

Korleis lese ein EPD?

På side to i EPD-en finn du generell informasjon om produktet og produsenten og kva fasar som er analysert.
Miljødata frå produktet er definert for ei bestemt vekt/volum/areal og/eller yting av produktet, deklarert eining. Det er viktig å sjekke kva deklarert eining som er brukt for materialet/ produktet viss ein skal samanlikne det med andre produkt, då den kan variere frå ulike produkt og leverandørar.
Døme på einingar er 1 m2, 1m3, med <x> mm tjukkleik, m x m. Det er og viktig at ei slik samanlikning er mellom produkt som har same yting, dvs. at produkta er samanliknbare.
Om to ulike EPDar framstill miljødata for to samanliknbare produkt med ulik deklarert eining, må ein rekne om dataa slik at samanlikningane blir rette.
Korleis ein kan rekne om frå ei deklarert eining til ei anna er vist i nokre eksempel under.

 

Døme 1: Rekn om frå m3 til m2.                                                                                                                                                                                                                                                                   Klimagassutsleppet for eit produkt er 187 kg CO2-ekv/m3. Rekna om til m2 for plate med tjukkelse 11 mm: 187 kg CO2/m3 ∙ 0,011 m = 2,05 kg CO2/m2

Døme 2: Rekn om frå m2 til kg.                                                                                                                                                                                                                                                                     Klimagassutsleppet for ei bygningsplate er 5,89 CO2-ekv/m2. Densiteten til plata er 9,2 kg/m2 (frå EPDen). Rekna om til utslepp per kg produkt: 5,89 kg CO2 ekv/m2 / 9,2 kg/m2 = 0,64 kg CO2ekv/kg.

Vurdering av miljøpåverknadar

Miljøpåverknadar som kan nyttast til å evaluere materialar kan vere klimagassutslepp [kg CO2-ekvivalentar], energibruk [MJ eller kWh ], innhald av kjemikaliar og påverknad på inneklima, mfl.. For meir detaljert informasjon om kva som inngår i produktet og dei ulike fasane kan ein sjå på utdjupinga av dei ulike fasane under LCA scenario i EPD-en. Om scenarioa ikkje passar prosjektet kan det vere behov for å rekne eigne. Til dømes om det i EPDen er berekna utskifting av material kvart 20.år og du planlegg å skifte etter 30 år.  

Er du interessert i å sjå på miljøpåverknaden frå fasar som bruk (B1-B7) og avhending (C1-C4) av produktet, og transport til byggjeplass, er desse scenario som du må vurdere om er relevante for prosjektet. Du kan til dømes sjekke om transportavstanden er rett eller om du skal hente inn data frå transportkalkulatoren.
LCA resultat viser kor mykje energi som går med i dei ulike fasane og kva prosessar som bidreg mest til klimagassutslepp. Vil du sjå på meir enn klimagassutslepp og energibruk, inneheld EPDen og informasjon om andre miljøpåverknader som eksempelvis forsuring, overgjødsling og ressursbruk. Vil du til dømes samanlikne energibruken mellom materialar som er produsert i ulike land kan du sjå på bruken av fornybare og ikkje-fornybare energikjelder.

Norske tilpassingar i EPDen

I EPDen er det ein eigen oversikt over norske tilleggskrav, som viser kva omsyn som er teke for å vurdere produktet etter norske forhold. Produkt blir analysert i samsvar med regelverket for skadelege stoff og miljøgifter, slik at du kan sjekke om produktet inneheld stoff som er på prioritetslista eller helse- og miljøskadelege stoff.

Kor stort klimagassutsleppet frå produksjon av materialar avheng i stor grad av type produkt og kva for ein elektrisitetsmiks som er lagd til grunn for utrekningane. Dei fleste land bruker eigen elektrisitetsmiks, men ved samanlikning av to materialar, t.d. isolasjon med same deklarerte eining, som er frå ulike leverandørar og det er stor variasjon i CO2-utsleppet, så kan skilnaden vere kva elektrisitetsmiks ein har brukt.
Den norske el-miksen har lågare klimagassutslepp enn den nordiske og europeiske. Utsleppsfaktoren som er brukt i utrekningane finn du under informasjonen for elektrisitet, ofte som kg CO2-ekv./kWh.

Utslepp frå transport av materialet frå fabrikk til byggeplass eller lager avheng av transportavstanden og korleis transporten går føre seg. Transportavstand frå produksjonsstad til lager eller byggeplass kan variere slik at i EPDen nyttar ein gjerne ein referanseverdi for transportavstanden.
Utsleppstal kan brukast til å rekne om til reelle utslepp av produktet, enten til Norge om EPDen ikkje er berekna for den norske marknaden eller til byggeplassen. Det er og utvikla ein forenkla transportkalkulator for å rekne potensiell miljøpåverknad ved transport av byggjevarer. Det er og mogleg å be om prosjektspesifikke EPDar, kor produktet sin påverknad på miljø er analysert for det bestemte prosjektet og transporten til byggjeplassen.

EPD i klimagassrekneskap

Dersom du skal lage eit klimagassrekneskap må du sjekke levetida for produkta, då denne varierer etter kva type produkt det er. Har du t.d. vindauge med ei levetid på 40 år og 60 år er referanselevetid for bygget, så kan du leggje desse inn to gonger sidan dei skal bli skifta ut innan levetida. Alternativt kan du bruke den totale fraksjonen som trengs inn i rekneskapen. Husk å vere konsekvent i val av metode for berekning av materialmengder til rekneskapen. 

Viss du treng ei anna eining enn det som er gitt i EPD-en til bruk i analyseverktøy, finn du tekniske data som til dømes tettleik under teknisk informasjon, som kan brukast for omrekningar til mengdeforhold. Her vil og den medrekna transportdistansen frå produksjonsstad til brukar vere oppført (fase A4).  
Det finst fleire ulike program for å rekne klima- og miljøpåverknaden frå materialar og bygg, mellom anna ISY-Calcus, SimaPro, LCA-verktøy og One Click LCA. Leverandørane og konsulentselskap nyttar og ofte eigne verktøy til utrekningane.