Vurdere behov for ei anskaffing

Formålet med denne aktiviteten er å vurdere om det er eit behov som skal varetakast ved ei anskaffing, vareta strategiske føringar for anskaffinga og sikre deg eit mandat for å gå vidare i anskaffingsprosessen.

Publisert: 06. nov 2014, Sist endra: 21. aug 2019

Her får du tips om gjennomføring av dei trinna du bør ha kontroll på før det blir fatta eit vedtak om å gjere ei anskaffing. Kor grundig kvart enkelt trinn blir behandla, vil variere frå behov til behov.

Kan behovet ditt dekkast gjennom ei anskaffing?

  • Kva er den konkrete utfordringa som skal løysast?
  • Kva for (eit) formål skal anskaffinga bidra til?
  • Kva overordna føringar eller premissar gjeld for anskaffinga?
  • Bør heile behovet dekkast via ei anskaffing, eller kan delar dekkast ved interne ressursar?
  • Kva strategiske føringar gjeld for anskaffingspraksisen?
  • Kva rutinar skal følgast for å bidra til redusert miljøbelastning og varetaking av grunnleggande menneskerettar?
  • Kva rammevilkår gjeld for anskaffinga? Når skal anskaffinga vere på plass, kva er kostnadsramma og kva for ein minimumskvalitet?
  • Kva krav til elektronisk samhandling gjeld?
  • Kan det sjå ut til at marknaden kan dekke eit behov, eller kan det vere aktuelt å få utvikla nye løysingar?

Avslutt avklaringa med eit forslag til mandat for å arbeide vidare med anskaffinga.  Mandatet må givast av den i verksemda som har fullmakt til det. 

Mange verksemder har eigne skjema for Mandat for anskaffing eller verifisering av anskaffingsbehov. Dei som ikkje har formålstenleg mal kan bruke Difi sitt forslag til mal under.

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre
*