Få oversikt over standardiseringsarbeid i regi av EU og Norden der Direktoratet for forvaltning og økonomistyring deltek.
EU og Norden vil at handel skal skje på ein enkel måte mellom medlemslanda og internt i Noreg. Dei er opptekne av at standardisering av elektroniske prosessar og standardformat, slik som EHF og Peppol BIS, er eit verkemiddel for å bygge ned tersklane for ein open marknad, effektivitet og ein enkel måte å rapportere moms og redusere miljøfotavtrykket.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) deltek i mange standardiseringsprosjekt gjennom Divisjon for offentlege anskaffelser (ANS). På denne sida vil me beskrive nokre av av dei gruppene, prosjekt og program me har delteke i og deltek i no.
Nordic Automated Sustainability Reporting Programme (NASRP)
Nordisk automatisert berekraftsrapporteringsprogram (NASRP) har som mål å hjelpe Norden med å bli leiande innan berekraftsrapportering ved å fremje digitale, standardiserte, interoperable og automatiserte løysingar som støttar samsvar med regelverk, konkurranseevne og berekraftig forretningspraksis. Programmet er finansiert av Nordisk ministerråd, går over ein treårsperiode (2025–2028) og byggjer på eksisterande nordiske initiativ (NSG&B, Green e-dokucuments og nordiske nasjonale initiativ).
Leveranser
Ingen ennå
Piloter
- e-Kataloger gir produktinformasjon til innkjøpssystem som hjelper bedrifter med å undersøkje produkt og mogleggjer berekraftsinformerte innkjøpsavgjerder og enklare rapportering.
- e-Faktura inneheld transaksjonsdata for kjøpte produkt og refererer til produktspesifikk miljøinformasjon i katalogar eller produktdatabasar. Forenklar rapportering.
- ERP- og ESG-system får automatisk miljødata frå e-Katalogar og e-Fakturaer, og fyller ut interne produktdatabasar og aggregerer utslepp på tvers av aktivitetane i selskapet for bruk i rapportering.
- ERP- og ESG-system får automatisk miljødata frå e-Katalogar og e-Fakturaer, og fyller ut interne produktdatabasar og aggregerer utslepp på tvers av aktivitetane i selskapet for bruk i rapportering.
Spesifikasjonar og rettleiarar
- Utvikling av felles maskinlesbar standard ESG-dataformatspesifikasjon basert på arbeid frå EFRAG, som mogleggjer interoperabilitet og gjenbruk på tvers av landegrenser. Pilotere digital rapportering
- Utvikling av rapporteringsmålar og rettleiing for selskap for ESG-informasjon med sikte på å redusere rapporteringsbyrda, spesielt for små og mellomstore bedrifter, med standardiserte malar og praktisk rettleiing
- Kompabilitet, regulering og digitalt klargjord lovgiving. Sørgje for at løysingar er i tråd med regelverk, digitalt klare og harmoniserte i Norden. Oversikt over kva aktivitetar er regulerte (EU og nasjonalt)
Cross-Nordic Sustainability Reporting Working Group
Mål: Den tverrnordiske arbeidsgruppa for berekraftsrapportering for offentlege styresmakter skal utvikle eit samarbeidande tverrnordisk rammeverk som mogleggjer effektiv, standardisert, kompatibel og automatisert ESG-datarapportering støtta av regulatoriske og tekniske rammeverk på lokalt, nordisk og EU-nivå, forankra i viktige institusjonelle organ som næringslivsstyresmakter.
Arbeidsgruppa skal:
- Samordne sentrale utfordringar og mål for ESG-rapportering mot 2030
- Harmonisere rapporteringa i heile Norden gjennom beste praksis, standardiserte prosessar, dataformat og digitale løysingar
- Styrke samarbeidet ved å fremje kunnskapsutveksling om regulering, etterleving og praktiske døme
Resultat av arbeidet:
Prosjektet har som mål å forenkle ESG-rapportering for selskap, redusere kostnader og fremje ein transparent, konkurransedyktig og berekraftig marknad. Prosjektet skal
- Kartlegge viktige arbeidsflytar for eit tverrnordisk samarbeid om ESG-rapportering
- Identifisere viktige interessentar for å forankre ESG-rapporteringsarbeidet
- Skisserere neste trinn for eit samanhengande rapporteringsrammeverk
- Utvikle politiske tilrådingar for overvaking og evaluering av nordiske regelverk
Les rapport frå prosjektet
Dokumentet er ikkje behandla for universell utforming. Kontakt oss dersom du treng hjelp til å få tilgong til det som står der.
Green eDoc-prosjektet
Hovudhensikta for prosjektet var å finne moglegheiter for å kople miljøinformasjon inn i etablerte digitale transaksjonar ved å definere miljøverdiar i standard format (EHF/Peppol BIs).
Prosjektet konsentrerte seg om katalog og faktura. Katalog er med på å effektivisere formidlinga av vare- og tenesteinformasjon mellom leverandør og oppdragsgivarar. Standard spesifikasjonar som EHF og Peppol BIs fungerer som bruksrettleiing for systemleverandør å implementere dei eigenskapane varen eller tenesta har inn i systema til leverandør og oppdragsgivarar.
Prosjektet definerte viktige informasjonsfelt i katalog så bestillere får tilstrekkeleg informasjon til å velje det produktet som har minst miljøfotavtrykk gjennom bestillingssystemet sitt. Faktura vil fungere som ein innsatsfaktor for analysar av miljfotavtrykk og basis for rapportering.
Du kan lese meir om prosjektet i sluttrapporten:
Sjå også rettleiinga:
Nordic Smart Government Network (NSGN)
Skatteetatane og registertenestene i Norden har bestemt at eit nordisk samarbeid/nettverk skal bli ført vidare etter det nordiske Programmet Nordic Smart Govenment & Business vart avslutta.
Dei har knytt til seg samarbeidet via eit Memorandum of Understanding med overskrifta "Nordic cooperation on the use of Digital Business Documents, Data Exchange, and coordination of EU-work".
Omfang av arbeidet:
Tekst frå MoU:
Styringsgruppa frå NSG&B har identifisert tre interesseområde for eit samarbeid basert på resultata og kunnskapen frå NSG&B med det overordna målet å vidareutvikle digital interoperabilitet i Norden, i tråd med EU-initiativ og regelverk. Desse tre områda er:
- Utvide utviklinga og bruken av e-dokument for handel mellom nordiske selskap.
Føre vidare ei teknisk arbeidsgruppe for standardisering og utvikling av e-dokument. Utforske korleis e-dokument kan bidra til meir automatisk datadeling mellom bedrifter og styresmakter for å lette byrda av eksisterande og nya regelverk som CSRD og Vida. - Gi tilgang til verdifulle datasett for nordiske selskap.
Samarbeid om vedlikehald og utvikling av den felles nordiske semantiske datamodellen for årsrapportar og ESG-data. Med det vidare målet å utvikle interoperabilitet i den nordiske API-løysinga eller andre relevante område som EUID. - Koordinering av EU-arbeid.
Fokus er på å koordinere, dele erfaringar og samarbeide om EU-initiativ og lovgiving som påverkar digitalisering og automatisering av viktige forretningsdata i grenseoverskridande handel.
Dei ulike gruppene sitt arbeid:
- Digital Business Documents vil undersøke, utvikle støtte for og pilotere ulike digitale transaksjonar med mål om ei standardisert og effektiv samhandling på nordisk nivå. Det er utarbeida ein plan for leveransar som omfattar mellom anna å inkludere miljøinformasjon i digitale transaksjonar, standardisere og utveksle digitale kvitteringsmeldingar via Peppol Network eller utforske molegheiter i ny wallet-teknologi, støtte til prosessen for å rapportere MVA-basert på EHF-faktura og digitalisere prosessen for refundering av MVA frå land i Norden. Arbeidsgruppa støtter seg på leveransar frå NSG&B, sjå nedanfor.
- Data Quality and Semantics vil blant anna jobbe med Consolidate the Signatory rights model, Shareholder information, Single Digital Gateway og Automatic sustainability Reporting.
- EU Coordination vil jobbe med å koordinere innspel til EU om nordisk standardiseringsarbeid og bringe informasjon frå EU om same tema tilbake til den nordiske gruppa.
Nordic Smart Government & Business (NSG&B)
Visjonen til NSG&B er å skape verdi for SMB ved å gjere sanntids forretningsdata tilgjengeleg og brukbar for innovasjon og vekst i heile regionen, på ein automatisk, samtykkebasert og sikker måte.
Dette programmet er eineståande i Norden, og vil skape verdi for bedrifter, offentlege styresmakter og samfunn ved å dele data på tvers av regionen på ein automatisk, intelligent og sikker måte. Nordic Smart Government & Business er ein pådrivar for eit integrert Norden, som er ambisjonen til dei nordiske statsministrane. Programmet vart lansert av dei nordiske næringsministrane i mai 2018, og blir støtta økonomisk av Nordic Innovation.
Det er planar om å føre vidare det nordiske samarbeidet med tre hovudområde:
- eDocument vil ha fokus på vidareføring og vidareutvikling av leveransar frå Digital Business Documents & Product Information. Det vil også vere fokus på kvalitet i data, nye digitale prosessar og inkludering av miljøinformasjon i eksisterande og nya digitale prosessar.
- Data quality and semantics cross borders som har fokus på Vocabulary for business register information, Information model, Open API specification og Simplified reporting.
- Coordination of EU-Work vil sikra at det nordiske samarbeidet er informert om pågåande aktivitetar i EU, og informere EU om pågåande arbeid i det nordiske samarbeidet.
Les meir
- om NSG&B-programmet, deira arbeid og dei ulike måla programmet har
- om dei leveransane som er publiserte for Digital business documents & Product information
Nordic Smart Government & Business (NSG&B)-programmet blir avslutta, men spennande nye samarbeid på tvers av landegrensene startar, med sikte på å styrkja eit integrert og saumlaust forretningsmiljø for nordiske SMB-er.
Over 20 nordiske offentlege styresmakter og ei rekkje private aktørar har jobba saman for betre digitale prosessar på tvers av landegrensene.
Den endelege rapporten med resultat, konklusjonar og tilrådingar er no tilgjengeleg.
Les meir
- nokre fordelar med leveransane til programmet
- om leiingstilnærminga på programmet
- Nordic Innovation si oppsummering og tankar om vegen vidare for eit nordisk samarbeid
Peppol
EU vil gjere det lettare for verksemder å vere med på offentlege anbodsprosessar i andre land, og har difor gjennomført eit stort prosjekt, Peppol, som har blitt leia av Noreg.
Peppol (Pan-European Public Procurement Online) var eit stort europeisk pilotprosjekt innanfor digitalisering, som gjer det like enkelt for leverandørar å levere tilbod og drive handel med offentlege og private oppdragsgivarar i andre EU-land som i sitt eige heimland.
Peppol-prosjektet
Peppol sitt føremål var å leggje grunnlaget for at små og mellomstore verksemder skal kunne tilby varene og tenestene sine elektronisk til offentlege oppdragsgivarar i kva for EU-land som helst. Peppol-prosjektet blei leia og koordinert av Noreg ved Direktoratet for forvalting og IKT (Difi). Prosjektet starta 1. mai 2008 med 14 offentlege deltakarar frå åtte land og med eit totalbudsjett på 19,6 millionar euro. Frå 1. november 2009 blei prosjektet utvida med fire deltakarland. Samstundes blei budsjettet auka med 11,2 millionar euro.
Kva er fordelane med Peppol
Peppol-prosjektet gjer det mogeleg for offentlege oppdragsgivarar å utvide leverandørmarknaden sin, og difor å gjennomføre betre anskaffingar både i pris og kvalitet. For små og mellomstore verksemder vil Peppol aksesspunktinfrastruktur og Peppol BIS gi tilgong til ein stor marknad med fleire potensielle offentlege kundar. Dokument som tidlegare måtte leverast på nytt for kvart enkelt anbod, er det no mogleg å bruke opp att både nasjonalt og i Europa i alle anbod. Leverandøren skal berre halde dokumenta oppdaterte. Det at heile prosessen er elektronisk, gir òg høve til gjennomsiktigheit og sporing, noko som er eit viktig middel i kampen mot korrupsjon.
Målsetjing for Peppol
Prosjektet skal syte for at dei nasjonale e-handelsløysingane som allereie finst i Europa i dag, kan koplast på og samhandle via ein sams infrastruktur, og omfattar heile prosessen frå behov til betaling. Peppol har levert løysingar som er i operativ drift. Alt som blir gjort i Peppol-prosjektet er offentleg, og all programvare kan brukast på nytt gjennom opne kjeldekodelisensar. Peppol-infrastrukturen har òg potensial til å kunne nyttast til å transportere anna enn berre anskaffingdokument i framtida.
OpenPeppol
OpenPeppol er ein organisasjon for å vidareføre arbeidet til Peppol-prosjektet. Peppol-prosjektet har hatt ei vellykka gjennomføring med Peppol-spesifikasjonar, pilotering og produksjonssetjing av desse. For å vidareføre det arbeidet Peppol-prosjektet har gjennomført, er det no etablert ein organisasjon som er kalla OpenPeppol Association. OpenPeppol, som består av offentlege og private medlemer av Peppol-samfunnet, har teke over ansvaret for Peppol-spesifikasjonar, byggeklossar og tenester, og skal fremje implementering av desse i heile Europa.
OpenPeppol er etablert som ei non-profit internasjonal foreining under belgisk lov (Association Internationale Sans Men Lucratif – AISBL), og starta si offisielle verksemd den 1. september 2012.
Meininga med OpenPeppol er å kople europeiske bedrifter og europeiske offentlege kjøparar enklare saman i den elektroniske innkjøps- og handelsprosessen for med det å gi auka høve for større konkurranse om offentlege kontraktar og reduserte transaksjonskostnader. Dette vil gjere offentleg sektor i stand til å yte betre tenester for skattebetalarane sine pengar. OpenPeppol vil stimulere til eit breitt samarbeid på tvers av Europa, og vil jobbe for ei god breiing av dei standardiserte handelsprosessane og formata. Peppol-komponentar og spesifikasjonar har også fått ei utbreiing utanfor Europa.
Meir informasjon om OpenPeppol finn du på OpenPEPPOL si nettside.
CEN/TC 440 og 434
Hensikten med CEN/TC 440 og 434 er standardisering av heile anskaffingsprosessen ved å utvikle standardar som dekkjer dei behova offentleg sektor har. Arbeidet er basert på leveranser fra CEN BII Workshop som ble avsluttet i 2012. CEN/TC 440 vil levere standarder for konkurransegjennomføring og kontraktsoppfølging. CEN/TC 434 forvalter den europeiske fakturanormen.
Ved å standardisere alle delprosessar er det mogleg å skape strukturert (elektronisk) innhald som kan sendast mellom aktørane sine system. Dette vil forenkle ein ende-til-ende-prosess som har som mål å gjere offentleg sektor kostnadseffektiv.
Ved å utføre heile prosessen elektronisk vil ein også kunne fange data som kan brukast igjen i andre prosessar eller som grunnlag for nye konkurransar.