Offentleg Privat Samarbeid (OPS)
OPS er eit samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Det private OPS-selskapet har byggherrerolla, utfører prosjektering og tek ansvar for bygging, finansiering, drift og vedlikehald i ein definert periode.
I denne gjennomføringsmodellen er OPS-selskapet byggherre i eit kontraktstilhøve til ein offentleg bestillar:
Samfunnet bestiller ei teneste, til dømes ein veg eller ein skole.
Den offentlege oppdragsgjevaren skildrar oppgåva som skal løysast med funksjonskrav, og definerer kva slags standardar og kvalitetar som skal leverast.
Innanfor desse rammene gjevast leverandøren fridom og totalansvar for å utvikle, byggje, drifte og vedlikehalde prosjektet i vanlegvis 20-30 år.
Dette opnar for innovasjon og effektivisering ved at det tidleg kan veljast løysingar som gjev innsparingar på sikt, både i utforming av bygget/anlegget, drift og vedlikehald, samt på logistikk og gjennomføring. Livssykluskostnader er dermed viktig for både oppdragsgjevar og leverandør.
Organisering
Figuren viser korleis OPS-kontrakten gjev ein leverandør samla ansvar for design, bygging, finansiering, drift og vedlikehald:

I eit OPS-prosjekt har leverandøren ansvar for heile livssyklusen til bygget eller anlegget, medan offentleg oppdragsgjevar betaler ei fast leige til leverandør i kontraktsperioden, som til dømes er 20-30 år. Når kontraktsperioden går ut, tek oppdragsgjevar over ansvaret for drift og vedlikehald, om ikkje det er avtalt opsjonar på forlengingar. Prosjektet blir overlevert i høve til kva som er avtalt i OPS-kontrakten.
Ved slik organisering er leverandør ansvarleg for å utnytte alle høva i eit langsiktig perspektiv ved at planlegging, bygging og drift/vedlikehald sjåast som ein heilskap. Kompetanse og kunnskap kjem inn i prosjektet frå dag éin og hjelper til å skape berekraftige løysingar. Kostnadsfokus introduserast også tidleg i utviklingsfasen. Ved overgang til drift, reduserast risiko for konfliktar ettersom overlevering skjer internt i OPS-organiseringa.
OPS har vore brukt som gjennomføringsmodell i samband med mellom anna bygging av vegar, skolar, sjukehus, idrettsanlegg og sosiale bustader i Noreg. OPS finst i mange ulike variantar og det finst inga standardisert form på dette samarbeidet.
I internasjonal samanheng brukast som regel følgjande roller og oppgåvefordeling:
- Design (D)= Planleggje (planlegging, prosjektering, førebuande arbeid etc.)
- Build (B) = Byggje (sjølve entreprisen i samband med ei utbygging)
- Finance (F) = Finansiere (tilrettelegging av sjølve finansieringa, lån/eigenkapital for å gjennomføre prosjektet)
- Operate (O) = Drifte (drifta av bygget/anlegget)
- Maintain (M) = Vedlikehalde (vedlikehald, oppgraderingar med meir i levetida til kontrakten)
- Transfer (T) = Tilbakeføring av bygget/anlegget til offentleg oppdragsgjevar etter avslutta kontraktsperiode eller ved bestemte milepelar med tilbakeføringsopsjonar for det offentlege.
Vi føreset at "Offentleg privat samarbeid" omfattar ein såkalla DBFOM-kontrakt (kalla for OPS-kontrakt i Noreg), som vil seie alle elementa nemnt over i større eller mindre grad.
Det er også mogleg å gjennomføre OPS med delvis offentleg finansiering, sjå underliggjande sider for meir detaljert skildring av dette.
Kva tid startar eit OPS-prosjekt
Eit OPS-prosjekt startar når det er gjort ei vurdering av om prosjektet er eigna som OPS og det er ei avgjerd om at bygget eller anlegget skal gjennomførast som eit OPS-prosjekt. Deretter består prosjektet av seks fasar:
- Tidlegfase OPS.
- Konkurranse OPS-leverandør.
- Forprosjekt.
- Byggjeperiode.
- Drift og vedlikehald (inngår i FDVU-prosessen).
- Eventuell tilbakeføring.
Resultatet av tidlegfasen i byggjeprosessen er ein ferdig utvikla konkurransestrategi for gjennomføringa av prosjektet.