IT-utstyr

Det er vanlegvis IT-eininga som kjøper inn IT-utstyr som PC-ar, skrivarar, mobiltelefonar o.l. og det er vanleg at mykje av dette blir kjøpt på rammeavtale. Har du behov for slikt utstyr t.d. i samband med eit prosjekt, bør du ta kontakt med IT-eininga for å undersøkje om det finst rammeavtaler som du kan bruke.

Publisert: 24. apr 2013, Sist endra: 09. okt 2018

IT-utstyr - vare eller teneste?

Jordklode
 
 

Kjøp av IT-utstyr vil som oftast vere kategorisert som varekjøp. Der innkjøpet består av både eit vare-element og eit teneste-element, er innkjøpet å rekne som eit varekjøp så lenge verdien av vare-elementet er høgare enn verdien av teneste-elementet. Du kan lese meir om blanda kontraktar i forskrift om offentlege innkjøp § 6-1.

Avtalar for kjøp av IT-utstyr

Kjøpsavtalen (SSA-K ) regulerer kjøp av masseprodusert datautstyr og standard programvare og hyllevare. Andre ytingar og tenester knytte til innkjøpet, til dømes installasjon, konfigurering, opplæring osv., kan kjøpast som tilleggstenester. Om det er behov for større tilpassingar, bør du bruke Tilpassingsavtalen (SSA-T). Det kan også eigne seg godt å etablere ein rammeavtale for kjøp av IKT-utstyr.

Sosialt ansvar

Du kan lese om kjøp av sosialt ansvarleg elektronikk og IT-utstyr under høgrisikoprodukt.

Miljø og energi

Ved innkjøp av IT-utstyr er det også viktig å ta omsyn til miljømessige konsekvensar ved produksjonsprosessen.

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*