Mat og måltidstenester

Ved alle mat- og drikkeanskaffingar bør du stille krav som førebyggjer og reduserer matsvinn, til sosialt ansvarleg produksjon og planleggje ein meny som gjev ei lågast mogleg miljøpåkjenning.

Krav og kriterier for mat og drikke

Du kan redusere miljøpåkjenninga frå heile anskaffinga ved å stille krav til matsvinn og ved å stille heilskaplege krav til kva produkt avtalen skal innehalde. Dette kan til dømes vere fleire økologiske produkt eller fleire vegetariske/plantebaserte matvarer. Du kan også stille krav som er knytte til spesifikke miljøproblem, som til dømes tropisk avskoging.

Ved å stille krav til matsvinn kan du redusere miljøpåkjenninga knytt til alle matvarer du kjøper inn. I tillegg vil fokus på matsvinn gje auka medvit og med det betre kvalitet på maten.

Du bør stille krav til at leverandør av måltidstenester skal redusere matsvinnet. Når du bestiller produkt bør du sjølv ha ein plan for å førebyggje og redusere matsvinn, og du kan i tillegg krevje at leverandøren skal ha eit system for matsvinn i verdikjeda.

Er det mogleg å kjøpe lokalprodusert mat?

Det er ikkje tillate å stille krav til lokalprodusert mat, eller at maten skal vere produsert i Noreg. Det er mogleg å dele opp delkontraktar i ein og same konkurranse. Då kan du sikre at lokale leverandørar av enkeltprodukt kan levere tilbod på desse produkta.

Kvifor skal eg dele opp ein konkurranse?

Å dele opp ein konkurranse kan gje fleire tilbod, og med det endå betre avtalar, enn om ein ikkje hadde delt opp. Leverandørar som ikkje kan levere på alle produkt/produktgrupper får også høve til å delta. Det vil difor også gje høve til lokale leverandørar. Samstundes er det framleis interessant for dei store leverandørane å levere inn tilbod på alle produkt/produktgrupper, fordi dei framleis kan vinne alle delkontraktane.

Korleis kan eg dele opp ein konkurranse?

Her er tre døme på korleis du kan dele opp ein konkurranse. Pass på at du ikkje diskriminerer leverandørane ved val av korleis du skal dele opp.

  • Dele opp etter produktgrupper. Døme på produktgrupper er fersk fisk, frosen fisk, ferskt kjøt, frose kjøt, meieriprodukt, bakarvarer, frukt, grønt og bær.
  • Dele opp etter produkt for produkt. Døme på dette er eple, pærer, knekkebrød, oksekjøt, laks, torsk og kveitemjøl. 
  • Dele opp etter økologiske og konvensjonelle produkt, eventuelt opne for å kunne gje tilbod på berre ein av delane. Då kan også leverandørar som berre leverer økologiske produkt vere med i konkurransen.

 

Aktuelt

Matsvinn

Staten vil kutte matsvinnet

Staten går foran og inkluderer matsvinn i nye kriterier for offentlige anskaffelser. Nå kan stat og kommune enkelt stille krav til leverandørene og sikre minimalt matsvinn både for kantinemat og annen servering.