SOA Basis

Sertifiseringsordninga SOA Basis omfattar anskaffingsprosessen på eit grunnleggande nivå. Her finn du informasjon om fagplanen, om korleis du kan gjennomføre sertifiseringstesten og om kor du kan ta kurs.

Fagplan og sertifiseringstest

SOA Basis består av fagplan, kartleggingstest og sertifiseringstest. Fagplanen beskriv relevante emne og kompetansemål ein sertifisert innkjøpar skal kjenne på eit grunnleggande nivå. Fagplanen er eit godt utgangspunkt for å arbeide systematisk med kompetanseutvikling for både verksemder og enkeltpersonar.

Oppdatert sertifiseringstest frå 8. mars 2024

Som følgje av ulike endringar, mellom anna i innkjøpsregelverket frå 01.01.2024, har vi oppdatert fagplanen og sertifiseringstesten SOA Basis.

Du finn den oppdaterte fagplanen og endringsloggen nedst på sida.

Sertifiseringstesten og kartleggingstesten

Sertifiseringstesten

Du melde deg på for å ta sertifiseringstesten hos Norsk Test.

SOA Basis gjer at du som innkjøpar kan dokumentere din kompetanse gjennom eit sertifiseringsbevis. Testen dokumenterer grunnleggande innkjøpsferdigheiter, og du kan ta han uavhengig av andre kompetansehevande tiltak, til dømes kurs. Testen er basert på læringsmåla i SOA Basis Fagplan. Norsk Test administrerer sertifiseringstesten.

Testen består av 40 spørsmål som blir trekt tilfeldig frå ei omfattande spørsmålsdatabase. Det finst ulike spørsmålstypar der dei fleste er av typen fleirvalsoppgåver (multiple choice).

Kandidaten har 60 minutter til å svare på testen. Kandidaten får tilbakemelding på totalt resultat og score per emne med ein gong. Resultatet vil vere tilgjengeleg for kandidaten under 'mi side' på nettsidene til Norsk Test. Om kandidaten ikkje består, kan ny test takast etter 14 dagar. Dei som består testen får eit sertifiseringsbevis.

Kartleggingstesten

Du melde deg på for å ta kartleggingstesten hos Norsk Test.

Før du tek sertifiseringstesten, kan du velje å kartlegge eigen kunnskap gjennom SOA Basis kartleggingstest. Kartleggingstesten er eit fint verktøy for personar og verksemder som ønsker å jobbe strategisk med kompetanse på anskaffingsområdet. Testen gir tilbakemelding på kva for emne det er behov for meir kompetanse.

Kartleggingstesten inneheld spørsmål frå ein eigen spørsmålsdatabase, men dekker same emne som sertifiseringstesten og er bygd opp likt.

Kurs

Det er ikkje eit krav å ta kurs for å gjennomføre sertifiseringstesten, men kurs kan vere ei god kjelde til kompetanse.

Under finn du ei liste over leverandørar som har opplyst at dei baserer sine kurs om offentlege anskaffingar på fagplanen SOA Basis. Lista er i alfabetisk rekkefølgje.

Vi oppmodar kursleverandørar til å lage kurs som byggjer på fagplanen. Dersom du er leverandør og vil tilby kurs, kan du ta kontakt med oss på soa-post@dfo.no. Vi vil leggje ut namna på kursleverandørane på denne sida etter kvart.

Sjå også

Oppdatert: 6. mars 2024

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.