SOA samfunnsansvar

Sertifiseringsordning for offentlege anskaffingar (SOA) skal utvidast med ein ny fagplan.

Publisert: 24. Jan 2020, Sist endret: 05. okt 2020

Temaet for den nye fagplanen er samfunnsansvar. Samfunnsansvar er viktig, og offentlege oppdragsgjevarar har ei særskilt plikt til å ta ansvar. Dette vektleggast mellom anna i Meld st. 22 (2018-2019). Samfunnsansvar i anskaffingar er også eit område kor innkjøparar har eit behov for eit kompetanseløft.

Fagplanen vil omfatte tema klima og miljø, arbeidslivskriminalitet og sosialt ansvar. Det vil bli laga ein eigen sertifiseringstest som byggjer på fagplanen.

SOA samfunnsansvar vil gjere det lettare for arbeidsgjevarar å drive systematisk kompetansebygging, og gjer det mogleg for innkjøparar å dokumentere sin kompetanse på eit viktig område innanfor anskaffingar.

I første omgang utarbeider DFØ og SOAs fagråd den nye fagplanen. Når denne er klar, startar arbeidet med å lage spørsmål til kartleggingstesten og sertifiseringstesten. SOA samfunnsansvar skal være klar i løpet av 2021.

Kursleverandørar oppfordrast til å utvikle kurs med utgangspunkt i den nye fagplanen. DFØ vil invitere til dialog med kursleverandørane etter kvart som vi kommer vidare i arbeidet.

 

Deldette

Kontakt

Hjelp oss å lage bedre nettsider

Fant du det du lette etter?

Hjelp oss å lage bedre nettsider
*