Avslutte kontrakt

Avslutting av ein kontrakt vil normalt skje i samsvar med kontraktens bestemmingar for når avtaleforholdet tar slutt.

Publisert: 06. nov 2014, Sist endra: 06. nov 2018

Kontraktsavslutting kan også vere knytt til at partane ikkje har oppfylt sine plikter i samsvar med  inngått avtale og der ein av partane bringer avtalen til opphøyr.  I dette steget vil vi behandle normal avslutting av eit kontraktsforhold.

Kontraktsavslutning og korleis dette skal gjennomførast må vere godt kjend både i eiga verksemd og i leverandørens organisasjon. Det er kontraktsforvaltar si oppgåve å sikre at denne forståinga er godt etablert.

Avslutte rammeavtale

Der ein rammeavtale har lege til grunn for avtaleforholdet er det naturleg å ha ein lang avviklingsperiode av avtaleforholdet.

I løpet av det siste avtaleåret vil verksemda vere pliktig til å gjennomføre ei ny konkurranseutsetting, der utfallet av konkurransen vil vere kjend i god tid før avtalens utløpsdato.

Avslutte einskildanskaffing og investeringsanskaffing

I einskildanskaffingar og investeringsanskaffingar vil ofte avslutting av kontraktsforholdet vere knytt til godkjenning av leveransen. Godkjenning vil typisk vere knytt til mengd, funksjonalitet, kvalitet, spesifisert resultat osv.

I investeringsanskaffingar vil det ofte vere ein avviklingsfase som omhandlar utfasing og kassasjon. Staten har eit eige regelverk knytt til desse forholda som du finn meir informasjon om i verktøykassa.

Gjennomgang med leverandør

Avslutningsvis bør det gjennomførast ein felles gjennomgang med leverandøren i samband med kontraktsavslutting for gjensidig erfaringsutveksling. Dette vil kunne gi viktige bidrag til å betre framtidige leveransar og leverandørforhold.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*