Innsyn og offentlegheit

Utgangspunktet er at alle saksdokument i offentleg forvaltning er offentlege og opne for innsyn. Dette følgjer av offentleglova. Føremålet med lova er blant anna å legge til rette for ei open og gjennomsiktig forvaltning.

Retten til innsyn gjeld også saksdokument som blir produserte i samband med offentlege anskaffingar. Lova inneheld likevel nokre unntaksreglar det er viktige å kjenne til:

  • Dersom dokument inneheld opplysningar som er omfatta av teieplikt (til dømes forretningsløyndomar i tilbod), skal dette vere unnateke frå retten til innsyn, jf. offentleglova § 13. Les meir om teieplikt og offentlege anskaffingar.
  • Offentleglova § 23 opnar for at det kan gjerast unntak av omsyn til det offentlege sin forhandlingsposisjon. For saker som gjeld anskaffingar, kan det gis unntak for innsyn for protokoll og tilbod fram til val av leverandør er gjort.

Krav om innsyn skal behandlast utan ugrunna opphald. Kva som skal reknast som ugrunna opphald, må vurderast konkret, blant anna ut frå om innsynskravet reiser vanskelege spørsmål, og kva omfang kravet har. Dersom det ikkje har kome svar på kravet om innsyn innan fem arbeidsdagar, blir dette rekna som eit avslag som kan påklagast, jf. offentleglova § 32.

For oppdragsgivarar som ikkje er omfatta av offentleglova, gjeld innsynsretten for vare- og tjenestekontraktar over 10 millioner norske kroner eks. mva. og for bygge- og anleggskontraktar over 96 millioner norske kroner eks. mva. (anskaffelsesforskriften § 7-3).

Meir utfyllande rettleiing om reglane om offentlegheit og offentlege anskaffingar finn du i Rettleiar til offentleglova og i DFØs rettleiiar til anskaffelsesforskriften, punkt 8.4.

Meir innhald om Innsyn og offentlegheit

Oppdatert: 19. juni 2026

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.