IT-system

IT-system vert her brukt som fellesord på alle typar programvare, anten det er hyllevare, standardprogramvare tilpassa den einskilde kunden, eller spesialutvikla system.

Når du skal kjøpe eit IT-system, er det viktig å finne ut kva du eigentleg treng. Det er ikkje gitt at du treng å kjøpe ny programvare for å få dekt behovet ditt. Kanskje går det an å tilpasse eit system som verksemda di allereie har?

Du bør også sjekke om det er andre som har same eller liknande behov. Kanskje de kan slå dykk saman? Det kan de spare både tid og pengar på.

Når du er heilt sikker på at du treng å gjere ei anskaffing, må du finne ut kva det er du skal kjøpe:

  • Finst det programvare, hyllevare, som kan dekke behovet ditt?
  • Finst det standardsystem som kan bli sett opp eller konfigurert for å behovet ditt?
  • Er det ingen system på marknaden som kan dekke behovet ditt, slik at det må spesialutviklast?

Korleis du skal lage kravspesifikasjonen, kva anskaffingsprosedyre du bør velje, og kva slags kontrakt det kan vere aktuelt å bruke, vil avhenge av i kva grad det du kjøper er noko som kan kjøpast ferdig eller om det må skreddarsys. For å kunne svare på det, må du finne ut kva marknaden kan tilby. Du må gjere ei marknadsundersøking. Det kan og vere lurt å snakke med andre verksemder som har skaffa seg eit liknande system som det du har tenkt å kjøpe.

Ting å tenke på når du skal gjere anskaffinga

  • Sjekk om verksemda di har rammeavtalar som du kan bruke.
  • Sjekk om verksemda di har vedtatt standardar for kva slags teknologi det er lov å bruke.
  • Sjekk om verksemda di har retningslinjer om kva ansvar "eigaren" av eit system har, t.d. ansvar for opplæring, brukarstøtte mm. Kanskje treng du å kjøpe dette som ein del av anskaffinga.
  • Viss du treng hjelp frå IT-eininga i samband med det du har planar om å kjøpe, avklar det på førehand.
Oppdatert: 31. august 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.