Sertifiseringsordning for Offentlege Anskaffingar (SOA)

SOA er ei nasjonal sertifiseringsordning for offentlege innkjøparar. Ordninga skal bidra til å heve og å dokumentere innkjøpskompetansen i Noreg.

Ny fagplan for SOA Basis

Ved revisjon av anskaffingslova 1. juli 2026 er samfunnsomsyn løfta inn som ein sentral del av dei overordna rammevilkåra for gjennomføring av offentlege anskaffingar.

Då samfunnsomsyn i anskaffingar blir obligatorisk i den nye lova, vil ny fagplan for SOA Basis omfatte berekraft og samfunnsomsyn i større grad enn før. Som følgje av dette vil det i ein overgangsperiode berre vere mogleg å sertifisere seg i SOA Basis, og SOA Berekraft vil bli satt på pause inntil vidare.

Oppdatert sertifiseringstest for SOA Basis blir lansert 19.10.2026.

Dagens sertifiseringstestar, både SOA Basis og SOA Berekraft, kan takast til og med 2.10.2026.

Innhald i SOA

SOA er den einaste offentlege sertifiseringa innanfor anskaffingar. Sertifiseringsordninga består per no av:

Logo for SOA

SOA er nyttig for deg som er innkjøpar

Fagplan og kartleggingstest er gode reiskap for kompetansebygging. Du får sertifiseringsbevis etter fullført sertifiseringstest, som gir deg som innkjøpar moglegheit til å dokumentere din kompetanse.

SOA er nyttig for deg som jobbar med kompetanseutvikling

  • Ein kartleggingstest gir eit godt utgangspunkt for å skreddarsy kompetansetiltak for offentlege verksemder som ønsker å bygge kompetanse på innkjøpsområdet.
  • Fleire leverandørar tilbyr kurs basert på fagplanen SOA Basis.
  • Sertifiseringsbeviset kan til dømes brukast som dokumentasjon på kompetanse i rekrutteringsprosessar.

SOA er nyttig for deg som er kursleverandør

Du som er kursleverandør, kan legge fagplanane til grunn når du skal utvikle kurs. Ein fagplan gir oversikt over kva emne og læringsmål som bør dekkast i eit kurs for at deltakarane skal kunne sertifisere seg i etterkant av kurset.

Kontakt oss om SOA

Om du er leverandør av kurs i offentlege anskaffingar og ønsker å basere kursa dine på ein SOA fagplan, er du velkomen til å ta kontakt med oss.

  • soa-post [at] dfo.no (soa-post[at]dfo[dot]no)

Ansvar i SOA

Det er DFØ som har ansvar for SOA. DFØ er ansvarlege for utarbeiding av fagplanar og testar, men har ikkje kurs.

Enovate AS er testleverandør og leverer kartleggings- og sertifiseringstesten.

DFØ har bytt leverandør av SOA-testene

Frå og med 1. oktober meld du deg opp til kartleggings- og sertifiseringstester på Enovate si nettside.

I informasjonen om SOA Basis og SOA Bærekraft finn du liste over kursleverandørar som bygger kursa sine på fagplanane.

Oppdatert: 29. juni 2026

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.