Roller og ansvar i SOA

Oversikt over dei ulike rollene og ansvar til dei ulike aktørane i Sertifiseringsordning for Offentlege Anskaffingar (SOA).

Publisert: 13. okt 2019, Sist endra: 15. okt 2019
Prinsippskisse roller og ansvar
 
 

Difi Anskaffingar (Difi ANS) er eigar og sekretariat for ordninga.

Difi Anskaffing (Difi ANS) oppnemner fagråd og administrerer aktivitetane til fagrådet.  Difi lagar fagplanane og utarbeider alle spørsmåla som skal inngå i testane med utgangspunkt i fagplanen. Spørsmåla er ikkje offentlege.

Fagrådet

Fagrådet har eit operativt ansvar for utvikling, evaluering og vedlikehald av fagplanar. Fagrådet er fagleg rådgivande organ for Difi ANS for utviklinga av Sertifisering for offentlege anskaffingar (SOA). Medlemane i fagrådet representerer fylkeskommunal- og kommunal sektor og relevante interesseorganisasjonar.

Medlemane skal samla representera ei brei anskaffingfagleg kompetanse. Dei skal saman ha kjennskap til alle sider ved offentleg anskaffingpraksis. Fagrådet kan hente inn spisskompetanse ved behov, til dømes når nye fagplanar skal utviklast.

Fagrådet har14 medlemar. I dag er NHO, LO, KS, KS Innkjøpsforum (KSI), Virke, Fylkesinnkjøp (FI), Sykehusinnkjøp HF, Politiets fellestjenester, Oslo kommune, Norsk forbund for innkjøp og logistikk (NIMA), Etisk Handel Norge, Norsk Test og Difi medlemar av rådet.

Testleverandør - Norsk Test

Norsk test bygger og gjennomfører testen, anten ved testsentra eller via nettet. Det er Norsk Test som analyserer testresultata.

Kursleverandørar

Ulike markedsaktørar tilbyr kurs som bygger på fagplanen og som legg grunnlag for at kandiatene kan bestå sertifiseringstesten. 

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre
*