OSSE med ny rettleiing om offentlege anskaffingar og menneskehandel

Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE) har lansert ei ny rettleiing om korleis menneskehandel og tvangsarbeid kan motverkast gjennom utlysing og oppfølging av offentlege kontraktar.

Rettleiinga legg vekt på at offentlege anskaffingar er eit viktig politisk verkemiddel for å fremje respekt for menneskerettar og motverke menneskehandel og tvangsarbeid i globale leverandørkjeder. Meir enn 350 ekspertar frå 50 land, deriblant Noreg, har medverka i prosjektet.

– Difi har gitt innspel til rettleiinga på bakgrunn av norske erfaringar. Eit resultat av dette er at rettleiinga tilrår bruk av særskilde kontraktsvilkår ved anskaffingar med høg risiko, seier seksjonssjef Marit Holter-Sørensen i Difi.

Menneskehandel er eit brot på menneskerettane. Likevel er det, ifølge Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO), omlag 25 millionar menneske i arbeidstilhøve som er ein form for tvangsarbeid.

I følge OSSE skjer dei systematiske brota mot menneskerettane i form av slaveri og menneskehandel fordi globale leverandørkjeder ikkje er gjennomsiktige. Derfor meiner OSSE at offentlege kontraktar med globale leverandørkjeder i høgare grad bør vere gjennomsiktige. Dette gjeld særleg for kjøp av varar med dokumentert systematisk høg risiko.

Last ned rettleiinga frå OSSE

 

[related-content-migration-old-id:14]
Publisert: 6. mars 2018 Oppdatert: 12. desember 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.