Om Doffin

Doffin er den norske nettbaserte databasen for kunngjeringar av offentlege anskaffelser og anskaffelser i forsyningssektoren (vann- og energiforsyning, transport og telekommunikasjon) som er underlagt EØS-forskriftene.

Formålet med kunngjeringsbasen er å:

  • sikre konkurranse og åpenheit om oppdraga
  • vidaresende kunngjeringane for kunngjering i TED når dette er nødvendig
  • validering av kunngjeringar i samsvar med fastsette krav
  • publisere og tilgjengeleggjere kunngjeringar i et søkbart format
  • tilgjengeliggjere relevant statistikk i offentleg sektor

Derfor kom det ny Doffin

Ny Doffin kom på bakgrunn av ei EU-forordning som frå 25. oktober 2023 pålegg nye format for kunngjeringar, kalla eForms. Doffin må handtere dei nye kunngjeringsformata, og dette resulterte i at DFØ bygde ein heilt ny Doffin. 

Dei viktigaste endringane i Doffin

Betre søkefunksjonalitet og brukarvenlegheit

Nye Doffin inkluderer fleire endringar frå dagens løsning. Eit høgdepunkt er at brukarvenlegheiten og søkefunksjonaliteten har fått seg eit betrakteleg løft. DFØ har etter tett dialog med brukarane gjennom brukartester arbeida med å forbetre brukaropplevinga. Nye filtermoglegheiter, designelement og framheving av nøkkelinformasjon gjer det enklare og raskare å finne interessante konkurransar og kunngjeringar frå offentleg sektor. I nye Doffin vil du også oppleve betre treff på søka dine.

Framheve kunngjeringar av kontraktsinngåingar og DPS

Videre har man i utviklinga av ny Doffin jobba med å synleggjere kunngjeringar av kontraktsinngåingar og dynamiske innkjøpsordningar (DPS). På forsida finn du ein direkte inngang til førehandsdefinerte søk på dei nevnte kategoriane. Dette gir raskare tilgang til ei god oversikt over kva slags DPS som er aktive til kvar tid og alle kontraktstildelingar.  

Ikkje støtte for logginn og kunngjering direkte i Doffin

Noko funksjonalitet frå gamle Doffin vil du ikkje lenger finne i nye Doffin. Logginn-funksjonalitet som den gamle Doffin hadde, er ikke vidareført i ny løysing. I tillegg vil ikkje nye Doffin støtte kunngjering direkte i løysinga. Framover må kunngjeringar i dei nye kunngjeringsskjemaene (eForms) komme frå brukeren sitt konkurransegjennomføringsverktøy (KGV). 

Oppdatert: 8. november 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.