Kunngjeringar frå offentlege oppdragsgivarar som skal publiserast på Doffin eller TED, må etter innføringa av nye skjema for kunngjering (eForms) komme frå eit konkurransegjennomføringsverktøy (KGV).
Funksjonalitet som ikkje er ført vidare i ny Doffin
Noko funksjonalitet frå gamle Doffin finner man ikkje i nye Doffin.
- Funksjonalitet som har vore tilgjengeleg bak innlogging, er ikkje ført vidare.
- Nye Doffin støttar ikkje kunngjering direkte i løysninga.
- No må kunngjeringar i dei nye skjemaa for kunngjering(eForms) komme frå brukaren sitt konkurransegjennomføringsverktøy (KGV).
Endring og avslutting av kunngjeringar publisert før 25. oktober 2023
Dersom du har kunngjort ein konkurranse direkte på Doffin.no før overgangen til ny Doffin, kan du finne igjen desse kunngjeringane bak innlogging: www.kgv.doffin.no