ESPD oppdragsgivar

Spørsmål og svar frå oppdragsgivarar om det europeiske eigenerklæringsskjemaet (ESPD).

Publisert: 10. apr 2019, Sist endra: 16. aug 2019

ESPD er obligatorisk å bruke i anskaffingar over EØS-terskelverdi.

Korleis lagar eg ein ESPD-førespurnad?

Den kan du lage i dykkar konkurransegjennomføringsverktøy (KGV).

Kan eg bruke ESPD under terskelverdi?

Ja, det kan du, jf. anskaffingsforskrifta § 8-10

Korleis kan eg fylle ut ein ESPD?

Du kan fylle ut ESPD-skjemaet i ditt konkurransegjennomføringsverktøy (KGV). 

Kor finn eg ESPD-skjemaet?

ESPD-skjemaet finn du i oppdragsgiver sitt konkurransegjennomføringsverktøy (KGV). Alle KGV-leverandørene har funksjonalitet for utfylling og levering av ESPD-skjemaet. Viss du vil sjå korleis skjemaet ser ut, finst ein PDF-kopi. Du kan ikkje fylle ut PDF-en.

Finst det nasjonale avvisingsgrunnar som nemnt i ESPD-skjemaet del III D?

Ja, dei norske anskaffingsreglane går lenger enn EUs direktiv om offentlege anskaffingar i to tilfelle, jf. FOA § 24-2. Sjå meir informasjon om dette i rettleiinga til Nærings- og fiskeridepartementet. Det vil seie at norske oppdragsgivarar alltid skal krysse av for dette valet, og opplyse om dette i konkurransegrunnlaget eller kunngjeringa.

Kva underleverandørar må det leverast ESPD for?

Viss ein leverandør må støtte seg på ein annan leverandør sin kompetanse eller kapasitet for å oppfylle eit kvalifikasjonskrav, må det leverast separat eigenerklæring for denne leverandøren. Utover dette treng ikkje underleverandørar å levere eigenerklæringar.

Treng vi forpliktingserklæring når vi har ESPD?

Forskrift om offentlige anskaffelser stiller krav om at ein leverandør som støtter seg på kapasiteten til andre verksemder skal dokumentere at han rår over dei nødvendige ressursane, til dømes ved å legge fram ei forpliktingserklæring, jf. FOA § 16-10(2).

Denne bestemminga gjeld i tillegg til bestemminga om ESPD. Viss leverandøren støtter seg på kapasiteten til andre verksemder må det dermed leverast både forpliktingserklæring, eller tilsvarande, og ESPD for dei aktuelle verksemdene.

Må eg levere ei ESPD-erklæring for kvar anskaffing eg skal gi tilbod på?

Ja, men i nokre KGV-system kan du bruke om att den du har brukt tidlegare, ved å flette den med ESPD-førespurnaden for den aktuelle konkurransen. Denne moglegheiten gjeld diverre kun for ESPD-førespunaden, og ikkje for ESPD-erklæringa. 

Kva er forskjellen på ein ESPD-førespurnad og ei ESPD-erklæring?

ESPD-førespurnad er det "skjemaet" oppdragsgivar ber alle leverandørar som ønsker å levere tilbod til ei konkret anskaffing om å svare på. ESPD-erklæring er din utfylte ESPD-førespurnad som du sender saman med tilbodet ditt.

Les meir om ESPD i anskaffingsprosessen.

Fleire spørsmål

Eventuelle spørsmål til rettleiingsstoffet kan sendast til espd@difi.no. Du kan rekne med å få svar innan ei arbeidsveke.

Sharethis

Ofte stilte spørsmål om anskaffelser

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre
*