Peppol

EU vil gjere det lettare for verksemder å vere med på offentlege anbodsprosessar i andre land, og har difor gjennomført eit stort prosjekt, Peppol, som har blitt leia av Noreg.

Peppol var eit stort europeisk pilotprosjekt innanfor e-handel, som gjer det like enkelt for leverandørar å levere tilbod og drive handel med offentlege oppdragsgivarar i andre EU-land som i sitt eige heimland.

Peppol-prosjektet?

Peppol sitt føremål var å leggje grunnlaget for at små og mellomstore verksemder skal kunne tilby varene og tenestene sine elektronisk til offentlege oppdragsgivarar i kva for EU-land som helst. Peppol-prosjektet (Pan-European Public Procurement Online) ble leia og koordinert av Noreg ved Direktoratet for forvalting og IKT (Difi). Prosjektet starta 1. mai 2008 med 14 offentlege deltakarar frå åtte land og med eit totalbudsjett på 19,6 millionar euro. Frå 1. november 2009 blei prosjektet utvida med fire deltakarland. Samstundes blei budsjettet auka med 11,2 millionar euro.

Kva er fordelane med Peppol?

Peppol-prosjektet gjer det mogeleg for offentlege oppdragsgivarar å utvide leverandørmarknaden sin, og difor å gjennomføre betre anskaffingar både i pris og kvalitet. For små og mellomstore verksemder vil Peppol aksesspunktinfrastruktur og Peppol BIS gi åtgang til ein stor marknad med fleire potensielle offentlege kundar. Dokument som tidlegare måtte leverast på nytt for kvart enkelt anbod, er det no mogleg å bruke opp att både nasjonalt og i Europa i alle anbod. Leverandøren skal berre halde dokumenta oppdaterte. Det at heile prosessen er elektronisk gir òg høve til gjennomsiktigheit og sporing, noko som er eit viktig middel i kampen mot korrupsjon.

Målsetjing for Peppol

Prosjektet skal syte for at dei nasjonale e-handelsløysingane som allereie finst i Europa i dag, kan koplast på og samhandle via ein sams infrastruktur, og omfattar heile prosessen frå behov til betaling. Peppol har levert løysingar som er i operativ drift. Alt som blir gjort i Peppol-prosjektet er offentleg, og all programvare kan brukast på nytt gjennom opne kjeldekodelisensar. Peppol-infrastrukturen har òg potensial til å kunne nyttast til å transportere anna enn berre anskaffingdokument i framtida.

Kontaktpersoner:

André Hoddevik, fagdirektør i DFØ og prosjektdirektør for Peppol og Dag Strømsnes, Divisjonsdirektør for offentlege anskaffingar og leiar i Peppol

Sjå også

Oppdatert: 5. juli 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.