Prissetting av kvalitet

Metode for prissetting av kvalitet vil seie å la priselementet stå urørt og poengsette dei kvalitative tildelingskriteria før desse blir prissette.

Publisert: 28. aug 2018, Sist endra: 15. jan 2019

Framgangsmåte ved prissetting av kvalitet

Metoden går ut på å la priselementet stå urørt.

  1. Poengsett dei kvalitative tildelingskriteria
  2. Prissett dei kvalitative tildelingskriteria (Desse prisane er fiktive beløp, dei blir berre brukte i evalueringa av tilboda).
  3. Gi fråtrekk eller påslag på den tilbydde prisen basert på dei prissette kvalitetspoenga. (Du endar då med ein «justert pris» som blir lagd til grunn ved samanlikning av tilboda.)

Det er to justeringsmåtar du kan velje mellom:

  1. Ta utgangspunkt i ein tenkt idealkvalitet, og fiktivt auk den tilbydde prisen avhengig av kor mykje under denne idealkvaliteten tilbodet ligg
  2. Ta utgangspunkt i ein minste akseptabel kvalitet, og fiktivt reduser den tilbydde summen avhengig av kor mykje over den akseptable kvaliteten tilbodet ligg
  3. Vinnaren er i begge tilfella er det tilbodet som har den lågaste samla evalueringsprisen

Den viktigaste fordelen med å prissette kvalitet er at det skaper eit medvit om kva slags kvalitet du er villig til å betale ekstra for. I motsetning til modellane for poengsetting av pris blir ikkje vurderinga påverka av irrelevante faktorar, som den lågaste eller høgaste tilbydde prisen i konkurransen.

Prissetting av kvalitet kan derfor gi eit meir presist og korrekt uttrykk for kor godt oppdragsgivar meiner det enkelte tilbodet er, og at metoden då er betre eigna til faktisk å identifisere det beste tilbodet.

DIFI anbefaler modellen dersom du er fortruleg med bruken av han. Modellen er ikkje så utbreidd i Noreg. I Sverige er han meir brukt.

Modellen kan eigne seg godt i konkurransar der det er prisforskjellar på 100 % og meir.

Eksempel på ein modell der du reknar om kvalitetspoeng til kronestorleik

  • Pris 60 %

  • Kvalitet 40 %

  • Pris leverandør A = kr 40, poengscore kvalitet = 8

  • Pris leverandør B = kr 45, poengscore kvalitet = 10

  1. Først blir det berekna ein faktor på kvalitet: 40 % / 60 % = 66,67 %

  2. Så blir denne formelen brukt til å rekne ut påslag i prosent

     ((maks poeng – poeng)/maks poeng) x faktor

Lev A sitt påslag: ((10-8)/10) x 66,67 % = 13,33 %

Lev B sitt påslag: ((10-10/10) x 66,67 % = 0 %

Justert pris lev A = 40 x (1+13,33 %) = 45,33 kr

Justert pris lev B = 45 x (1+0 %) = 45,00 kr

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre
*