Konkurransereglar

Val av konkurransereglar med prosedyrar og tidsfristar kan vere avgjerande for leverandørens evne og vilje til å levere inn tilbod.

Publisert: 06. nov 2014, Sist endra: 12. nov 2018

Kva er konkurransereglar?

Konkurransereglar beskriv korleis prosessen skal gjennomførast og dette må fremkomme av anskaffingsdokumenta.

Konkurransereglane skal verte oppgitt når ein tek kontakt med marknaden. Viss konkurransen vert kunngjort skal dette gjerast i kunngjeringa på Doffin og eventuelt utdjupast i konkurransegrunnlaget. Slik sikrar ein førehandsvisse for leverandørane. Det skal vere forutseieleg for leverandørane korleis, når og hvilke spesielle vilkår som gjeld. Dei skal vite kva slags konkurranse dei eventuelt deltar i.

Korleis konkurransen vert gjennomført kan også vere avgjerande for om dei kan eller vil levere inn tilbod.

Viss det er spesielle kontraktsvilkår, bør desse løftast fram slik at det er tydeleg for potensielle leverandørar kva vilkår som vil gjelde for gjennomføringa av kontrakten. Eit døme på eit slikt spesielt kontraktsvilkår er krav til bruk av elektroniske bestillingssystem.

Døme på konkurransereglar

  • Kva slags konkurranseform som skal gjennomførast; t.d. tilbodskonkurranse, anbodskonkurranse, konkurranse med forhandling, konkurranseprega dialog, designkonkurranse?
  • Der det gjennomføres en begrenset konkurranse, feks begrenset tilbodskonkurranse eller begrenset anbodskonkurranse, skal det opplyses kor mange leverandørar som vil bli invitert til å inngi tilbod og korleis desse skal veljast ut, jf FOA § 16-12.

    Tilsvarende for konkurranse med forhandling, skal det angis om oppdragsgjever forbehold seg retten til ikkje å forhandle, eventuelt kor mange leverandørar det skal forhandlast med og kvordan antallet skal reduserast, jf kapittel 9 for del II anskaffelser og §§ 23-7 - 23-11for del III anskaffelser.

  • Kva tildelingskriterier gjeld for konkurransen, dette er viktig informasjon til leverandørane for å vurdere om dei vil delta i konkurransen eller ikkje.

  • Kva tidsfristar gjeld for konkurransen; innleveringsfrist, frist for vedståing 
  •  
  • Korleis skal tilbodet utformast, skal det leverast inn vareprøvar?
  •  
  • Om det skal haldast tilbodskonferanse eller -synfaring

 

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*