Sjå talet på verksemder som kan motta Elektronisk Handelsformat (EHF) og Peppol BIS (PEPPOL Business Interoperability Specification).
Elektronisk Handelsformat (EHF) er ein spesifikasjon basert på CEN BII og UBL. EHF mogleggjer elektronisk kommunikasjon mellom oppdragsgivar sitt system og leverandøren sitt system. Hensikta med digital kommunikasjon basert på standard format (EHF/Peppol BIS) er å effektivisere dei interne prosessane for oppdragsgivar og leverandør, auke kvaliteten på meldingane for å redusere feil og fange data for analysar.
På denne sida finn du ei oversikt over talet på verksemder som kan motta ulike EHF- og Peppol BIS-dokument. I oversikta inngår kun norske verksemder og versjon 3.0 og seinare versjonar av dokumenta.
Om datasettet
| Kjelde: | Peppol Directory |
| Informasjon om dataene: | Datasettet er eit åpent tilgjengeleg datasett publisert på Peppol Directory. Peppol Directory set saman dataene automatisk basert på informasjon henta frå ulike Peppol SMP (Service Metadata Publisher). SMP er registre som inneheld data om mottakar sin dokumenttype, profil og aksesspunkt. Eit eksempel på ein SMP i Norge er ELMA. I oversikta på denne sida vises kun verksemder med norsk landkode (0192). Det vil seie norske verksemder, både dei som er registrert i ELMA og i andre norske SMPar. I tillegg vises kun 3.0 og seinare versjonar av dokumenttypane. Det er frivillig å registrere mottakarar i ein SMP. Vi gjer derfor oppmerksom på at visualiseringa på denne sida ikkje nødvendigvis gir ei fullstendig oversikt over mottakarane, då det kan vere verksemder som ikkje er med i dataene. |
Antal mottakarar i 2026 fordelt på dokumenttype
Tabellen viser antal verksemder som kan motta dei ulike dokumenttypane. Oversikta gjeld kun for verksemder med norsk landkode (0192). I tillegg er det kun versjon 3.0 og seinare versjoner av dokumenttypane som tala gjeld for. Dataene blir oppdatert kvar tredje månad.
Antal mottakarar fordelt på år
Figuren viser antal verksemder som var registrerte som mottakarar av EHF-faktura per november 2023 og per desember 2024 og 2025. Du kan sjå på ein av dei andre dokumenttypane ved å velje ein av desse i menyen.
Målinga i 2023 vart gjort i november 2023, medan målinga for 2024 og 2025 vart gjort i desember desse åra . Det er derfor ikkje nøyaktig eitt år mellom dei ulike målingane.