Anskaffelsesprosessen steg for steg

Avklare behov og forberede konkurransen

Rammevilkår

Føremålet med aktiviteten er å sikre at ei eventuell avgjerd om å gjere ei anskaffing faktisk er i tråd med dei rammevilkår og strategiske føringar du må overhalde.

Rammevilkåra set grenser for korleis du kan oppnå føremålet.

Rammevilkår som får noko å seie  for  konkurransen kan vere både interne og eksterne.

Interne rammevilkår vil vere nedfelt i dei styrande dokumenta til verksemda og vil bestemme kva omsyn ein må ta, kva moglegheiter ein har og kva vegval som bør vurderast. Døme på slike dokument: 

  • Anskaffingsstrategi
  • Miljøstrategi
  • IKT- og andre fagstrategiar
  • Sourcingstrategi
  • Verksemdsstrategi

Andre rammevilkår kan kome frå politisk hald, frå departement, rådmann, budsjett mm.  Det er viktig at slike føringar er nedfelte i styringslinja til verksemda, dvs. "gjort til" verksemdas føringar.

Tips: Anskaffingsstrategien er verksemdas strategi for sitt eige anskaffingsarbeid. Manglar verksemda di ein slik strategi kan du finne rettleiing for korleis du kan lage  ein anskaffingsstrategi på sidene for anskaffingsstrategi og resultatstyring.

Døme på rammevilkår (interne føringar)
  • Rutinar som sikrar at anskaffingspraksisen er innretta slik at den bidrar til å redusere skadeleg miljøpåverknad og fremme klimavennlege løysingar.
  • Rutinar for korleis risiko for brot på grunnleggande menneskerettar vert tatt vare på i offentlege anskaffingar .
  • Elektronisk bestillingssystem som stiller krav til bruk av elektronisk katalog, ordre eller faktura i Elektronisk Handelsformat (EHF). Dette vil vere eit premiss i anskaffinga og ein føresetnad for å verte valt som leverandør.
  • Avgjerd om å vere ein Fair-trade kommune vil legge føringar for kva slags matservering verksemda kjøper inn.
  • Miljøleiingssystem – viss verksemda har implementert eit miljøleiingssystem, kan det vere eit mål å redusere energibruken i verksemda. Ved anskaffingar av til dømes belysning vil det bety at verksemda bør legge vekt på å kjøpe  utstyr som har straumsparingsfunksjonar og generelt bruker lite energi. 
Døme på eksterne rammevilkår (eksterne føringar)

Det kan også vere overordna føringar som til dømes kva tenester som skal eller bør utførast i eigenregi (med eigne tilsette) og kva tenester som kan kjøpast i marknaden. Døme på eksterne føringar:

  • Lovar og reglar, inkludert  krav om universell utforming
  • Politiske føringar
  • Tildelingsbrev
  • Budsjett - både på kort og lang sikt
  • Kommunale klima- og energiplanar

Eksterne rammevilkår om samfunnsansvar

Alle offentlege myndigheiter (og offentlegrettslege organ) har plikt til å opptre etisk forsvarleg i all si verksemd, også i sin anskaffingspraksis. Det er viktig at samfunnsansvar  er godt forankra i leiinga i verksemda, og dette bør  også vere forankra i ein overordna anskaffingsstrategi.

Du kan lese meir om korleis di verksemd kan ta samfunnsansvar.

 

Oppdatert: 14. februar 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.